Arkitektopprørt

Eigen spådom er at Arkitekturopprøret etterkvart vil gå inn i historia som ein parantes, attpåtil ein banal og pinleg ein, skriv arkitekt Jørgen Stavseng.

Av Jørgen Stavseng

Eigen spådom er at Arkitekturopprøret etterkvart vil gå inn i historia som ein parantes, attpåtil ein banal og pinleg ein, skriv arkitekt Jørgen Stavseng.

Av Jørgen Stavseng
Jørgen Stavseng, MA Arkitektur
>

Gaute Brochmann konkluderer i Morgenbladet: Arkitekturopprøret «har vunnet» (11.01.23). I den grad det er fruktbart å tale om siger; kan AO eigentleg «vinne»? Er ikkje det naturstridig? Vil ikkje det homogene (som dei held så høgt) bli konfrontert av det avvikande? Fell ikkje AO sine argument på eiga urimelegheit? Kan gamle uttrykk tene nye behov for samtid og framtid? Arkitektur er uttrykk og må ikkje forvekslast med symbol. Arkitektur er til og med kulturuttrykk, er ikkje vår tid sine kulturar gyldige?

Det er forskjell på arkitektur og arkitekt. Arkitektur er det som allereie er gjort, arkitekt er det som endå ikkje er gjort. Arkitekturopprøret skiljer ikkje mellom desse og framheld at begge allereie er gjort, her ligg mykje av problemet med retorikken.

Pompøst og usmakleg skråsikkert blir det klassiske dyrka som eigentleg. Vidare baserer ein seg mykje på import, m.a. andre klima, andre topografiske tilhøve og andre maktprinsipp (elitisme/ egalitarisme). Det er undertrykkande, endå ein ikkje er klar over det, det seier oss at vårt ikkje er særleg verdt. Klyngetuna og bygrendene, lemstovene og fjæremannsbuene, naustallmenningane og strandsitjarstadane. Kva med dei demokratiske og berekraftige verdiane i slike konsept? Saltak stiliserte som ikon blir lite truverdige alibi. Misforstå meg rett: det finnest demokratiske uttrykk også i det klassiske (t.d. den greske stoaen og det romerske badet).

At mykje av modernismen var hard, kjøleg, avvisande og umyndiggjerande kan mange vere einige om, men retur til antikken er eit tvilsamt ressonnement. Det AO ikkje ser, og som nesten blir komisk, er at ideala dei held fram i bunn og grunn representerer mykje av det same som det dei tar avstand frå, berre med blondekrage på. Spørsmålet er legitimt, om enn falskt, svaret er fåfengt (falskt fordi ein har svaret før ein stiller spørsmålet).

Problemet med arkitekturen AO dyrkar er at den er ikkje-diskuterande. Den er utan brot som skiftar fokus frå mono til multi, ein baserer seg heller på suverene verkemiddel som repetisjon, symmetri og det absolutte. Dermed blir den konservativ, lukka, einsformig og til sjuande og sist ekskluderande og passiviserande. Det er vanskeleg å sjå for seg endring, det finnest ikkje invitasjon til framhald eller omarbeiding, dette i ei tid prega av kontinuerleg endring og multikulturelle samfunn.

Kor mange skjematiske rutenettveggar (identiske til alle retningar) før vi ser at det er skjulande istadenfor overgangar mellom indre og ytre høve? Forflating istadenfor romlege kontinuitetar. Det improviserte får ikkje rom til å spele seg, spontanitet er ikkje ein verdi. Det blir formalitetar som ikkje tener oss då dei fleste gjeremål i livet er uformelle. For dei som ikkje veit er det fordummande då det klassiske blir predefinert godt og urokkeleg, fordummande då det er forfalska historieframstilling som representerer alt anna enn leseleggjering av epokar. Skal ein forresten halde seg til klassiske former innan andre kunst–/kulturuttrykk også? Musikk, litteratur, skulptur, teater osb.?

Absurd er eit ord som dukkar opp.

Er vi ferdige? Blir ikkje det trist? At variasjon skal avgrensast til variert sjablong? Ovanemnde strandsitjarstad er ein uformell sjølbyggarbusetnad for småkårsfolk som livnærte seg på marginar; kvart av husa nøysame, i sum «storslagen» fleirtalsform basert på ulikskap av overbevisande eigenkarakter og trygg samanheng. Dette i grell kontrast til formelt regulert kvartalstruktur. Ein treng ikkje nødvendigvis finne opp hjulet på ny (det har AO rett i), men der må vere invitasjon til liv (ulike liv, ikkje eitt ideelt), det må tole endring og det må knytast til situasjon.

Brochmann må gjerne konkludere for eigen del, men kan ikkje konkludere for oss alle. Eigen spådom er at AO etterkvart vil gå inn i historia som ein parantes, attpåtil ein banal og pinleg ein. Historia gjentek seg vel, jamfør forrige bølge med postmodernisme. På kortare sikt; nokre akter til blir det, ein får berre betrakte narrespelet.

>
>
>