Bergen er best på landskapsarkitektur

Det er vanskeleg å seie om det er landskapsarkitektane som har forma byen, eller om det er byen som har forma landskapsarkitektane.

Tekst av Runa Gjerland
Bergen_landskap

Bergen er best på landskapsarkitektur, slår Runa Gjerland, styremedlem NLA og gruppeleiar for landskapsarkitektane i Norconsult Bergen fast.

 

Foto: Jenny Osuldsen
>

Eg kom over nokre foto som blei tatt under IFLA i 1990 her om dagen, knipsa av Jenny Osuldsen. Dei viser studentar i gang med å rulle ut ferdigplen midt i byen, der bilane til vanleg stod parkert. Byen er lett å kjenne igjen, sjølv om byromma er forandra sidan den gong. Bygolv av varige materialar, grøne gater og eit yrande byliv er kjenneteikn i dag, og snakkar ein om Bergen er det stadig semje om at Bergen er ein flott by.

Sånt skjer ikkje over natta, men er eit resultat av eit langsiktig arbeid der fagleg dyktigheit, politisk vilje og eit privatoffentleg samarbeid har vore avgjerande. Landskapsarkitektane har vore heilt prekære i denne utviklinga. Men kvifor er Bergen i ein så særegen posisjon?

>

For kort tid sidan inviterte NLA i Hordaland til fagkveld med eit knippe landskapsarkitektar frå det offentlege, som fortalde om sitt arbeid og sin arbeidskvardag. Vi fekk høyre om Øygarden kommune frå Linn-Cecilie Martinson, Bymiljøetaten i Bergen kommune frå Gunnar Rise, og Fylkeskommunen og Bybanen Utbygging frå Ingrid Haukeland. Og sjølvsagt blei det ikkje berre snakka om landskapsarkitektur, men også om Bergen sin moderne historie, om politikk og retningsval. Som det så ofte blir når det snakkast om faget vårt.

Det som blei klart er at landskapsarkitektane og faget som heilskap har hatt stor påverknad på at byen ser ut som den gjer i dag. Frå ei tidleg satsing og tilrettelegging for privatbilisme på 1960- og 70-talet, blei svaret ei like tidleg satsing på å fjerne bilen igjen frå byens gatesnitt på 1990-talet. Kanskje starta det allereie med studentane sin aktivisme på det som den gong var byens mest sentrale parkeringsplass, i dag kjent som Torgallmenningen?

Kanskje starta det allereie med studentane sin aktivisme på det som den gong var byens mest sentrale parkeringsplass, i dag kjent som Torgallmenningen?

Foto: Jenny Osuldsen

Med ein by som framleis følgjer strukturen den utvikla i mellomalderen, er slike grep enklare sagt enn gjort. Den trange bykjernen har gjort det vanskeleg å gjennomføre store endringar, men samtidig har denne avgrensinga tvunge landskapsarkitektane til å tenkje innovativt i argumentasjon og i utforming. Gjennom strukturert satsing og fokus på overordna mål blei allmenningane tilbakeført frå parkeringsplassar til opne byrom for allmenta.

Når bilane blei køyrt av Torgallmenningen, fekk byrommet i same omgang trødd på seg finskjorta, teikna av Landskapsarkitektane Kalve & Smedsvig som del av samarbeidsgruppa Next to Nothing. Bergen er sett i stein, og flottere bygolv og steindetaljar skal ein sjå lenge etter. Kantsteinsdetaljar, renner, benkar, overgangsfelt, bymøblar, plassar. Konseptsterke prosjekterande med god kjennskap til kva som er mogleg å gjennomføre på ein byggeplass, slike som Arne Sælen og Axel Sømme, har sett sitt preg på byrom etter byrom.

Vidare kom framinga av bytre og det grøne i bysentrum, noko Bergen har halde ved sidan mellomalderen då bytre blei planta i allmenningane for å hindre spreiing av brann. Enda eit overordna mål, som måtte implementerast i det enkelte prosjekt og som fordra stort tverrfagleg samarbeid for å skape realitet av. I den trange byveven med gater fulle av arkeologiske minner i grunnen krev det desto høgare presisjon, også på overordna nivå. Av landskapsarkitekten krev det også høgare utestemme.

At bergensarane er høglytte er ikkje alltid ein dum ting.

Bytrefokuset kjem godt til syne langs bybanens linje 2, der Ingrid Haukeland var primus motor for at 140 tre blei flytta på spa på Stend videregående skole. og deretter flytta tilbake til byen, i staden for å bli felt. For ein luksus å opne eit så stort prosjekt med allereie fullvaksne tre til å grøne opp tverrsnittet.

Tanken om ein bybane i Bergen blei fødd tidleg, allereie så tidleg som på 1970-talet blei draumen uttalt. Men å gå frå draum til verklegheit på eit så omfattande transportsystem gjennom dei trange gatene, er ikkje sjølvsagt. Igjen var det politisk vilje saman med faglege ambisjonar som gjorde så prosjektet blei ein realitet. Banen er ikkje berre eit forutsigbart kollektivsystem for kvardagsreisande og besøkande, og dermed eit steg på veg mot å redusere privatbiltrafikk. Den er i tillegg etablert med gjennomgåande høg kvalitet på materialar og i utforming, slik at haldeplassane byggjer opp om ei sentrumsutvikling og utvikling av lokalsenter i dei ulike bydelane, som elles ikkje kunne blitt gjort. Det skaper vidare forutsigbarhet for utbyggjarar som kan bidra til utviklinga av den lange byen.

Fokuset på å nå alle målgrupper gjorde så bybanen vann innovasjonsprisen for universell utforming i 2014. Eit resultat av at høgt ambisjonsnivå oppretthaldast hos landskapsarkitektane i det offentlege så vel som hos dei prosjekterande i det private.

Satsinga på Barnas Byrom, med arkitekt Alexandra Altermark som primus motor, viser til enda eit ønske om å nå ut til alle. Målet er å tilretteleggje for leik og opphald i sentrum for byens yngre bebuarar. Dette er ikkje minst også eit folkehelsetiltak. Tilkoplinga til fjella rundt byen, med ymse stiar og trapper, og aller nyligst Løvstien, er eit anna eksempel på folkehelsefokuset.

Og kven skulle vel tru at "lille" Bergen skulle etablere verdas lengste sykkeltunnel? Igjen med høgt fokus på utforming og materialar, har prosjektet vist seg å bli eit kjempepopulært tiltak. Med støtdempande dekke kan joggarar ta gode, lange løpeturar utan å bli regnvåte, også når det bøtter ned ute.

Gjennomgåande for alle desse prosjekta er bruken av varige materialar og flotte detaljar. Det er tydeleg at både offentlege og private aktørar i Bergen har hatt eit felles mål om å skape byrom av høg kvalitet, der både estetikk og funksjonalitet er i fokus.

Ein landskapsarkitekt i Bergen må kjempe gjennom trange tverrsnitt i alle byromsprosjekt, og landskapsarkitektane som kjem hit blir derfor fort terpa på å halde ambisjonsnivået høgt - både som tilsett i det offentlege og i det private. Godt samarbeid på tvers av sektorar og høge forventningar til resultat på begge sider gir desto flottere prosjekt. Dette ber byen preg av.

Det er vanskeleg å seie om det er landskapsarkitektane som har forma byen, eller om det er byen som har forma landskapsarkitektane. Uavhengig av kva bakgrunnen er, er oppfatninga mi den same: Bergen er best på landskapsarkitektur.

>
>
>