Riktig lukt og riktig farge: Amper Tone Studio i Oslo er gjenbruk på høgt nivå

Av Even Smith Wergeland

Publisert 09. august 2024

Foto av trommesett i lydstudio med en vegg av høyttalere bak.

Kontrollrommet i Amper Tone er ein fusjon av avansert elektronikk og finjustert akustikk. Alt graviterer rundt miksepulten, ein Neve 8048 med både ABBA og Patti Smith på CVen.

Foto: Morten Andersen

Mens «alle» snakkar om gjenbruk, lever svært få aktørar opp til idealet i praksis. Lydstudiobransjen er unntaket alle burde lære av.

Av Even Smith Wergeland

Det er torsdag kveld på Bjølsen i Oslo og eg står ved eit mørkt inngangsparti. Ut kjem ein kombinasjon av vaktmeister Narvestad og Joey Ramone. Skinnjakka og arbeidsbuksa er ein symbiose av hardt arbeid over lang tid.

– Det har blitt forskrekkeleg mange timar her, medgir Kjartan Kristiansen, dagleg leiar av Amper Tone Studio, som han driv med Johnny Skalleberg, Bård Ingebrigtsen, Kim Lillestøl og Tomas Pettersen.

I gamle Amper Tone i Brenneriveien 11 blei det produsert hundrevis av plater frå oppstarten i 1999 til desember 2021. Ettersom bygningen skulle rivast for å gi plass til Vulkan Studenthus, måtte dei finne nytt hovudkvarter. Eit underjordisk forsamlingslokale blei redninga. - Det var eit lykketreff å hamne her, konstaterer Kristiansen. - Det er ikkje mange musikkstudio på Sagene og Bjølsen.

Forsamlingslokalet er frå slutten av 1960-talet, teikna av Harald Hille for Oslo Indremisjon. Det var heilt tomt då eg intervjua Skalleberg her i mai 2022. To år seinare er det endå ikkje ferdig, men indrefileten – det store lydstudioet – er i drift.

Det første Kristiansen viser meg er eit arkivskap med elegante treskuffer og låsemekanismar i metall. Han hugsar ikkje kor skapet kjem frå, men innskrifta «Institutt for filosofi» indikerer Blindern. Skuffane er perfekte til kablar, mikrofonar og liknande. Skapet er symptomatisk for resten. Amper Tone er gjennomsyra av gjenbruk, frå lydutstyr til byggematerial.

– Vi hadde jo alt frå før og alt er gjenbruk, fortel Kristiansen.

– Alt av tapet, glas og golv her inne i kontrollrommet er frå kontrollrommet i gamle Amper Tone. Det er jo mykje kulare med ting som er brukt. Ferdig snakka!

Denne mentaliteten er stikk i strid med forbruksgaloppen i det norske samfunnet. Tal frå 2021 viste at nordmenn hadde nest høgast personleg konsum i Europa, berre «slått» av Luxemburg.1 Nye ting er som regel er billige og tilgjengelege. Å halde eksisterande ting ved like er krevjande.

– Vi har alt dette stashet. Kva skulle vi gjort når gamle Amper Tone blei rive, berre kvitta oss med det? Eg for min del har ein par ekkomaskinar for mykje, men dei må nesten få lov å vere ein stad sjølv om dei ikkje er i bruk kvar dag. Og dei må virke for å kunne forsvare ein plass i studio. Det skal ikkje vere ei vintage-utstilling, understrekar Kristiansen.

Denne tilnærminga er fullstendig i tråd med toneangivande bøker som Maintenance Architecture (2016), Adaptive Reuse of the Built Heritage (2019) og Reclaimed: New Homes from Old Materials (2022). For Amper Tone er det økonomisk fornuftig, men dei tenkjer også på miljøet.

- Det er hyggjeleg med alle positive ringverknader, for vi menneske står for mykje åtferd som ikkje akkurat har det.

Velkommen til eliteserien i gjenbruk, der ingenting går tapt, så lenge det er liv laga. Men først, ein tur i skammekroken. 

Foto av kontrollrom i lydstudio, ulike tapetser og ting rundt om.

Kontrollrommet i Amper Tone er ein fusjon av avansert elektronikk og finjustert akustikk. Alt graviterer rundt miksepulten, ein Neve 8048 med både ABBA og Patti Smith på CVen.

Foto: Morten Andersen

Meir preik enn praksis

Den veksande statusen til gjenbruk som klimatiltak blir reflektert i eit stadig grønare språk i norsk byggebransje. Likevel har svære aktørar, dei som verkeleg bør dra lasset, vore treige i tråkket. Berre sjå på norske helseføretak, som har kronisk allergi mot gjenbruk av historiske anlegg. Norske kulturinstitusjonar er ikkje stort betre. Dei har flykta i flokk frå det eine historiske praktbygget etter det andre.

Norsk idrett er verst. Historiske bygg blir rivne i takt med at standarden for kva som er funksjonelt akseptabelt blir smalare år for år. Holmenkollbakken er i dag så ombygd at ingenting er igjen av det historiske anlegget. Etter at Jordal Amfi gjekk dukken i 2017, er arva etter OL i 1952 utradert. Den var fin å ha med då Oslo vurderte å arrangere vinter-OL, heilt verdilaus etterpå. 

Men alt er ikkje bekmørkt. Bergen har pussa opp fleire historiske institusjonar dei siste åra. Oslo har gitt arkitekturpris til Kulturhuset (2018) og Pressens Hus (2022) og Stavanger har rusta opp rådhuset og symjehallen frå etterkrigstida. Antikvariske råd står sterkare no enn for 10 år sidan, då underteikna gjekk på nederlag etter nederlag som planansvarleg antikvar hos Byantikvaren i Oslo. Historia har utvilsamt fått meir plass i det offentlege ordskiftet om by og arkitektur. 

I tillegg skjer det ting utanfor radaren som gir grunn til optimisme. Det er duka for retur til Bjølsen. 

Frå Jesus til Gsus

Lydstudio er sannsynlegvis den mest introverte arkitekturen i verda med det mest ekstroverte sluttproduktet: musikken som når millionar av lyttarar. Kor mange Amper Tone har nådd veit ingen, men i og med at dei har spelt inn artistar som Kvelertak, Stein Torleif Bjella, Enslaved, Turboneger og Odd Nordstoga, må det vere ein god del. For allmennheita er det likevel ein ukjend destinasjon. Det har sine fordelar, ettersom lydstudio gjerne føretrekk anonymitet og diskresjon.

Slik sett er den nye tilhaldsstaden eit realt funn.

– Kva anna kan ein bruke dette lokalet her til? SATS? spør Kristiansen retorisk. - Eg skjønar at musikkstudio ikkje er det første folk tenkjer på, men det var det første eg tenkte på då eg kom inn.

Stikkorda er romsleg, isolert og gunstig plassert. «Lokalet egner seg perfekt til denne bruken, det ligger delvis under bakken med lite glassareal og mulighet for god avskjerming av lyd utenfra», som arkitekt Anne Ebbing skriv i byggesaka.

Ho får støtte av Erik Aasheim, arkitekten bak studiodelen.

– Dette er eit av få prosjekt eg har gjort utan vesentlege utfordringar. Det er ein frittståande bygning med forholdsvis tunge konstruksjonar i ytterveggane. Det er ingen direkte naboar over, under eller på sidene. Lokalet har stor golvflate utan søyler, brukbar takhøgd, og det ligg midt i byen. Betre kan det ikkje bli!

Med fleire hundre studio og lydrom i porteføljen veit Aasheim kva han snakkar om. Allereie før arkitektstudium på AHO hadde han snekra mange, som Studio B i første inkarnasjon av Rainbow Studio i Oslo. Han har også musikalsk erfaring frå band som Kjøtt og Cirkus Modern. Gjenbruk er han positiv til. 

– Dei hadde blant anna ein haug med tjukt lydglas eg måtte innpasse. Du må fire på enkelte krav, men du får også mykje tilbake. Det tvinger frem andre løysingar. 

Foto av en mann som balanserer på et slags treningsapparat.

I Amper Tone har dei også eit treningsapparat for astronautar. Kristiansen demonstrerer korleis SATS for rockarar ser ut.

Foto: Morten Andersen

Nøkternt gjenbrukspalass

Eit fellestrekk for mange lydstudio er innehavarar med teft for bygningar med låg attraksjonsverdi. «Vi er i en bransje med høy gjennomføringsevne som tilpasser seg de gjeldende rammevilkår. Folk som oss krever ikke strøkne lokaler, tvert imot», sa Skalleberg i eit intervju med Kontekst i 2022. Amper Tone har flytta frå eit nøkternt betongbygg til eit anna, begge frå rundt 1970.

Innvendig er det tre typar gjenbruk: Inventaret frå gamle Amper Tone, inventar dei har skaffa eksternt og inventar dei har arva frå forsamlingslokalet. Kristiansen og Pettersen redda dessutan ekstra vrakgods frå Brenneriveien, som kontorlamper frå lyd- og lysfirmaet Bright. Lampene har blitt til snurrige takinstallasjonar. Den i kontrollrommet har ein personleg dimensjon.

– Rammene er måla med spraylakk som fylgde med ein gammal bil eg fekk av far min for 20 år sidan, fortel Kristiansen. Faren, som gjekk bort i fjor, var med på bygginga av første Amper Tone.

Supplerande element, som golvet i liverommet og fleire av dørene, er kjøpt via gjenbruksaktørar. - Då Brenneriveien blei riven, dukka firmaet Resirqel opp. Dei har ei dame som heiter Karen Izadi og ho er mora til ei jente på basketlaget som dottera mi spelte på, kan Kristiansen røpe. I Resirqel møtte dei også ombrukseksperten Taale Kjøs. Det viste seg at resirkulatørane og rockarane hadde same verdigrunnlag. - Det beste er jo ein ting som er brukt, men som du kan bruke til noko anna enn det den eigentleg skal brukast til. Det er favoritt-tingen min i heile verda, erklærer Kristiansen.

Eit fint eksempel i Amper Tone er arkivskapet, som har blitt omgjort frå lagring av arkivkort til elektronikk. Ein del av dei lange metallstengene har blitt fjerna og festa på veggen.

– Dei fungerer heilt glimrande til å henge opp headset. Det hadde jo kosta det kvite ut av auget med rustfritt stål og messing, med mønster på tuppen av ein eikekloss.

Slikt er vanskeleg å oppdrive i dag. - Ting med hammarlakk og bakelittknappar, du kan ikkje berre kjøpe det nytt. Du må faktisk passe på det litt. Det gjer noko med heile atmosfæren. Ikkje for nytt, ikkje for fresht, det er greia. Målet er at studio skal sjå minst mogleg ut som ei sånn leilegheit på Grünerløkka, der ingen har farge på sofaen lenger. 

I godt selskap

Amper Tone II høyrest kanskje ut som eit ellevilt unntak. Men gjenbruk er faktisk normalen for tradisjonelle lydstudio, altså slike som er bygd for elektroakustiske innspelingar i spesialdesigna rom, med fokus på samspel. Akustikken har alt å seie, og eigarane er som regel opptekne av eksisterande kvalitetar.

Dette har eg observert i tyske landsbyar og amerikanske storbyar, i engelske møllekompleks og norske bomberom; overalt eg har farta for å forske på lydstudio dei siste åra. Fascinasjonen for gamle greier er sjølvsagt nostalgisk, men pragmatisk idealisme er meir treffande: Økonomisk måtehald blanda med sans for bruksverdien til historiske artefaktar. 

Eit slåande tilfelle er Pachyderm Studios i Minnesota. Det opna i 1988, då tre produsentar fekk oppført eit spesialbygd studio ved huset som allereie låg på eigedommen. Etter ein konkurs kom det nye eigarar i 2011. Desse totalrenoverte etter tilbakeføringsprinsippet. Alt skulle sjå ut nøyaktig som det hadde gjort, inkludert trepanel med alvorlege fuktskadar. Dei skifta ikkje ut ei treflis med mindre det var teknisk naudsynt. I den grad dei måtte, gjenbrukte dei materiale frå andre studio. I kontrollrommet ligg eit fantastisk golv av purpleheart wood, som tidlegare har kledd studio i Minneapolis og Los Angeles. Takka vere den iherdige innsatsen kan dagens gjestar bu i eit perfekt restaurert hus frå 1963 – veldig Frank Lloyd Wright-inspirert – og jobbe i eit studio som osar av musikkhistorie.2

Foto av orgel, gitar og andre ting inntil en vegg.

Orgel, gitarar og tapemaskinar er velkjende innslag i lydstudio. 

Foto: Morten Andersen

Snille leigetakarar

Nøkkelen til denne rike gjenbrukskulturen er at dei aller fleste lydstudio er plassert i eksisterande bygningar. Det ligg nærast latent i bransjen å tenkje gjenbruk. Ein av dei mest erfarne i feltet er den engelske arkitekten Roger D’Arcy, som lenge dreiv firmaet Recording Architecture.3 Ikkje berre bygde dei ein drøss kjende studio, dei skapte også eit arkitektonisk vokabular til inspirasjon for andre. Det viktigaste ordet er vertsbygning.

Lydstudio er hus inne i hus – ein dobbelkonstruksjon bygd med tanke på maksimal lydisolasjon. Sjølv spesialbygde studio, som norske Ocean Sound Recordings, er konstruert slik. I Amper Tone er det faktisk to lag med bygning før sjølve studioet, altså trippel ramme. - Det er litt babushka-aktig, filosoferer Kristiansen.

I tillegg kjem rom inne i rom, med doble dørar, triple vindauge og enormt solide veggar. Innmaten er ein sofistikert kombinasjon av isolerande og absorberande materialtypar.

Recording Architecture bygde fleire studio i freda bygningar med basis i eit velkjend vernetriks: Minimale inngrep, maksimal reversibilitet. Ved å utforme studioet som ein svevande kapsel, kan det demonterast etterpå. I 1990 lagde dei studio for the Waterboys i Spiddal House, eit staseleg irsk herskapshus. Ved hjelp av ørsmå tiltak klarte dei å unngå direkte kontakt mellom studioet og den historiske strukturen.

Etter D’Arcy sitt syn er det meste mogleg, sjølv med låge budsjett, så lenge du har tilstrekkeleg ekspertise og vilje til å gjere ein grundig jobb. Lydstudio er snille leigetakarar som samhandlar fint med vertsbygningen.

Fleire skjær i sjøen

Ikkje alle er klar over at lydstudio er snille. Amper Tone II møtte motstand i byråkratiet. - Ordet «musikkstudio» gjorde det ikkje enkelt for oss. Dei ville ha tiltaksklasse 2 på grunn av vibrasjonar og sånn, forklarer Kristiansen.

Det er ei streng vurdering. Typiske eksempel på tiltaksklasse 2 er bustadblokker, skuler og større publikumsbygg. Det utløyser tunge krav til utdanning og erfaring hos dei med ansvar for søknaden. Dette sinka den formelle prosessen. Det same gjorde reguleringsformålet, «Forsamlingslokale under terreng», som ikkje gav rom for ombygging til lydstudio utan dispensasjon. Med bistand frå arkitekt Odd Øverdahl frå Asplan Viak klarte dei i det minste å unngå full omregulering.

Vertsbygningen var i nokså miserabel stand då dei overtok. Den første tida gjekk med til rydding og reparasjon. To svære forureina betongveggar måtte demonterast. Det eksisterande ventilasjonsanlegget måtte skiftast ut.

Amper Tone leiger av Sagene kyrkjelyd, som skal bruke pengane på restaurering av orgelet i Sagene kyrkje. Medan kyrkjelyden har vore imøtekomande, har eigaren, Kirkens Bymisjon, vore lite samarbeidsvillig, ifølgje Kristiansen. Etterslep på vedlikehald, tungrodd dialog og dårleg responstid ved akutte situasjonar gjorde at dei kom på etterskot av framdriftsplanen frå januar 2023, då prosjektet fekk formell godkjenning. Først i mai var bygginga skikkeleg i gang. 

Mange involverte

Å bygge lydstudio krev variert ekspertise. Amper Tone II er summen av betydeleg eigeninnsats og høgt kvalifiserte fagfolk. Ingeniørfirmaet Solland L.S. var teknisk ansvarleg for ventilasjonen. Kåre Berg var ansvarleg tømrar, Byggmeister Neteland utførande part. Sistnemnde firma har spesialkompetanse i form av gitarist Frank Nachtnebel.

– Han er ein knasande god snekker som har bygd fleire studio og øvingslokale før, fortel Kristiansen. 

Heile fire arkitektar har vore med: Ebbing, Aasheim, Øverdahl og ein kollega frå Asplan Viak, Simen Eide Trollvik. Ebbing tok hand om det formelle, Aasheim designa studioet og duoen frå Asplan Viak var generelle rådgjevarar. – Eg var den Kjartan kunne ringe undervegs, forklarer Øverdahl, som kjenner Kristiansen frå tidlegare. 

– Kjartan har ei enorm kontaktflate og ganske mykje blei gjort på dugnad.

Asplan Viak var bindeleddet mellom konsept og bygging. Øverdahl tenkte på heilskapen og skissa opp løysingar for plassering av lounge og andre funksjonar utanom sjølve studioet. Trollvik gjorde skissene om til geometrisk presise arbeidsteikningar.

– Prosessen var alt anna enn lineær, legg Øverdahl til.

– Studioet er ganske kompromisslaust, men mykje er modifisert og mekka på. Balanseforholdet mellom god lyd og god stemning blei heile tida diskutert, og Kjartan skal ha mykje av æra for den biten.

Kristiansen på si side hadde stor nytte av å drøfte strategiske spørsmål i samråd med kyndige arkitektar.

– Eg må seie eg fekk respekt for arkitektyrket, for det er ein del kompliserte greier i bindingsverket. Då arkitektane stod her og snakka om relasjonen mellom beresystemet og dei komponentane som skulle på plass, utan at dei tinga faktisk var her, var det utanfor mi forestillingsemne, innrømmer han.

Foto av diverse lydutstyr som høyttalere og lignende stablet inntil en vegg med fargerik tapet.

Trivsel og teknikk: Visuelle detaljar kan vere like avgjerande for atmosfæren som kvalitetsutstyr.

Foto: Morten Andersen

Detaljmani

– Å designe eit studio krev ein ekstremt tredimensjonal tankegang, seier Aasheim.

– Dei høge frekvensane oppfører seg som lysstrålar, dei låge frekvensane har bølgekarakteristikk. I tillegg har alle rom eit sett med «ståande bølgjer» i bassen, som følgjer heilt eigne lover.

I kontrollrommet handlar det om krystallklare lytteforhold. Du må finsikte korleis lyden reiser gjennom rommet, i alle retningar, kva den treff og når. Bakveggen i Amper Tone er kledt med gammal Biritapet. Bak ligg 90 cm nøye kalkulerte konstruksjonar for å absorbere djupe frekvensar. Aasheim skildrar det som ein evig kamp om å få mest mogleg absorpsjon ut av minst mogleg volum. I enkelte studio kan det vere meir enn fem meter lydkonstruksjon bak kledninga. Samtidig må du ta omsyn til dagslys, som i dette tilfellet var ekstra viktig, sidan vertsbygningen har lite naturleg lys.

I Amper Tone er ikkje kontrollrommet heilt etter boka. Aasheim hadde planlagt heile frontveggen i glas med flushmonterte (innfelte) monitorar, som etter hans meining er den beste løysinga for kontrollrom. Då hadde rommet lent seg på LEDE-konseptet (Live End/Dead End), med reflekterande frontvegg (Live End) og resten av rommet som absorberande motvekt (Dead End), med unntak av dører og vindauge. I seinaste laget bestemte dei seg for frittståande monitorar i staden for flushmonterte, sjølv om Aasheim argumenterte så godt han kunne.

Mottrekket blei å redusere refleksar frå frontveggen med mest mogleg absorpsjon, utan å forstyrre siktlinjer, og byggje opp diffusert akustikk frå bakre halvdel av rommet. Sidedørene måtte vinklast om, rommet blei breiare, og dei gode forholdstala blei forpurra. Mykje måtte justerast for å redde lytteforholda. Deretter var det klart for testing, fortel Aasheim.

– Den første målinga av eit kontrollrom er magisk. Du plasserer ein mikrofon der hovudet til teknikaren skal vere og køyrer lyd frå monitoren, frå djupaste bass til høgaste diskant. Mikrofonen registrerer korleis rommet responderer i heile spekteret. Svaret får du på ein graf, ein slags fasit! Da står alle med hjarta i halsen. Har vi lukkast?

Heldigvis hadde dei det.

– Etter nokre justeringar av høgtalarplassering og lytteposisjon, har vi oppnådd svært bra måleresultat!

Det er heilt spesielt å lytte til musikk i slike rom. Under besøket mitt spelte Kristiansen av Currents (2015) av Tame Impala. Uansett kor eg vandra, var lyden sylskarp. Vi hadde musikk på under intervjuet, utan at det øydela mitt lydopptak. Slikt er berre mogleg i rom med optimale akustiske kvalitetar.

Kablar og elektronikk er også eit delområde med heilt spesifikke krav. Ideelt sett skal det meste vere kopla til moderskipet, miksepulten.

– Du kan stå på dass og spele gitar med forsterkaren ein annan stad og høgtalaren ein tredje stad. Alt vi har klart å kome på er kabla opp, forklarer Kristiansen. - Mitt utgangspunkt er å lage eit superfleksibelt studio kor det aldri oppstår idear som ikkje let seg gjennomføre.

Han er også oppteken av tekstur, farge og finish, fordi det er avgjerande for trivselsfaktoren.

– Viss du kjem hit og skal spele inn – utan samanlikning for øvrig – skal det vere som eit hotellrom. Det er ditt mens du er her og når du går ut av studioet skal det vere veldig ålreit der og. Eg har vore i nok studio med fine innspelingsrom, men utanfor er det så som så. Her skal det vere snasent, og då går innspelinga heilt sikkert mykje betre. Utan at eg kan peike på eksakte årsaker.

Det har heller ingen av mine andre intervjuobjekt vore i stand til, men dei har peika i same retning, mot godt trevirke, godt handverk, gode lysforhold, god arbeidsflyt, velproporsjonerte rom og visuell variasjon. Slike faktorar kjenneteiknar såkalla destinasjonsstudio, som tiltrekk kundar på grunn av heilskapen. 

Foto fra kontrollrom med utsikt til studio.

Liverommet sett frå kontrollrommet. Gode siktforhold er ekstremt viktige for kommunikasjonen under innspelinga.

Foto: Morten Andersen

Mot straumen

Eit anna trekk som skil Amper Tone frå andre studio er storleiken. I ein bransje dominert av heimestudio og prosjektstudio, er Amper Tone ein mammut blant mus. På Bjølsen har dei vesentleg meir plass enn i Brenneriveien. Totalt er det litt over 500 m2 og det store lydstudioet er på godt over 200 m2. Det er fjorten meter frå bakveggen i kontrollrommet til motsett vegg i liverommet, kor det er plass til eit orkester med 30 til 40 medlemmar. Ikkje mange norske lydstudio kan matche det. Kapasiteten er på nivå med legendariske Studio 2 i Abbey Road, der the Beatles regjerte på 1960-talet.

Liverommet er ekstra uvanleg, ettersom golvflata er mindre enn takflata. Rommet ekspanderer i to av dei øvre hjørna. I det eine er det ein mini-mesanin, som dei har behandla med ekstra diffusjon for å unngå urolege lydbølgjer. Fordelen med krinkar og krokar er at lyden får meir rom å resonnere i, samt at lyden blir splitta opp. Det meste er skråstilt og vridd for å unngå massive lydblokker. 

Utanom studioarealet har dei kjøkken, to bad, verkstad og lager. Bak kontrollrommet er ei hangout-sone under utvikling. Denne er avsondra, men det er innsyn til studio, i tilfelle ein vil følgje med. Det er også fleire andre musikkrom. Kristiansen har eit personleg studio vegg i vegg med liverommet. Andre rom blir leigt ut til eksterne musikarar, som Anne Lise Frøkedal. Når alt er i drift vil Amper Tone vere eit musikalsk økosystem. 

Moderskipet

Dei fleste økosystem har ei kjerne. I Amper Tone er det årgangsutstyret. Juvelen er ein Neve 8048, ein miksepult bygd av elektroingeniøren Rupert Neve i 1974. Denne modellen hadde sine glansdagar til midten av 1990-talet, då digitale alternativ begynte å ta over. Sidan har den vore høgt akta i bruktmarknaden,

Då Amper Tone skaffa sitt eksemplar i 2013, var det ingen enkel prosedyre. Det var den svenske musikaren og produsenten Kalle Gustafsson som sat dei på sporet. Han driv Svenska Grammofonstudion (SGS) i Göteborg, der miksepulten stod. Først måtte den fraktast frå Göteborg til Oslo. Dernest måtte den løftast inn vindauga i Brenneriveien ved hjelp av ein diger truck. Deretter måtte dei reinstallere all elektronikken som hadde blitt fjerna for å lette vekta under frakt. Kristiansen synest at det var vel verdt strevet.

– Den pulten er jo mykje av grunnen til at vi har gidda dette. Eg fekk nyleg ein e-post frå Funky Junk [audiofirma] som skulle ha vintage-sal. På lista fann eg ikkje ein einaste 80-serie Neve-miksar.

Mytologien har sitt å seie. Før SGS var Neven i Loho Studios på Manhattan, der blant anna Patti Smith, Everly Brothers, Willie Nelson og Joey Ramone brukte den. Før den tid hadde den vore i Stockholm, dernest Sydney. I Stockholm stod den i villaen til produsent Bruno Glenmark, der ABBA spelte inn mange låtar på 1970-talet. Denne miksepulten er altså stinn av musikkhistorie.

I ei tid då mange lydstudio nedskalerer, er det ikkje mange som kan huse ein mastodont som Neve 8048. Den er tre og ein halv meter brei og vekta er like under eitt tonn. På Bjølsen blir den verande ei stund. - Det er ikkje nokon måte å få den ut herifrå på. Vi flytta den inn først og bygde igjen veggen etterpå, forklarer Kristiansen. 

Foto av Kjartan Kristiansen som snakker i et rom med mye forskjellig i.

Work in progress: Kjartan Kristiansen kåserer om gjenbruk.

Foto: Morten Andersen

Framtidsretta

Leigeperioden på Bjølsen er 15 år. Det er ganske lenge i ein økonomisk porøs bransje, som dessutan har vore gjennom ei formidabel endring sidan studioet blei stifta i 1999. Pengane til å betale for tid i lydstudio har tørka inn. - 95% av det du gjer i studio får du ikkje betalt for. Det musikarar tener på i dag er konsertar, slår Kristiansen fast.

Mindre pengar betyr færre timar i studio. Kristiansen tenkjer at Amper Tone er godt rusta for denne omstillinga. - Alt ligg til rette for å bruke vesentleg kortare tid her, fordi det er bra lyd med éin gong så lenge utstyret er skikkeleg rigga. Lydsjekk med Helge Sten og Motorpsycho kan ta si tid, men dei var i gang med den første låta tre timar etter at dei kom inn døra. Viss du har ein akustisk jazztrio, så treng du éin eller to dagar her, så har du spelt inn plate.

Som dei fleste andre, har Amper Tone for lengst gått over til kombinasjonar av analogt og digitalt. Den eklektiske blandinga av siste mote og vintage gjer opplevinga både futuristisk og arkaisk. Då vi lytta til Spotify-lista «Carol Kayes beste» var det gjennom ein 50 år gammal miksepult. Kristiansen er positiv til utviklinga. - Den demokratiseringa – at kven som helst kan spele inn og gi ut musikk – er kjempefin. Eg ser ikkje noko bakside ved det, bortsett frå at eg har mista oversikta over alt som kjem ut.

Marc Mulligan, forfattar av boka Awakening: The music industry in the digital age (2015), påstår at det aldri har blitt laga meir middelmåtig musikk, ettersom «alle» kan gjere det. Legitimiteten til studio som Amper Tone handlar om å overgå det folk kan få til heime. - Her skal du kunne lage ein 120%-versjon av den ideen du hadde, den aller beste versjonen av låta. Det skal vere så fint og avslappande her at det smitter over på musikken, seier Kristiansen engasjert.

Éin ting er uansett sikkert: Amper Tone representerer ein framtidsretta gjenbruksmentalitet som absolutt burde inspirere andre bransjar. Historia kling med i alle ledd, og det burde den gjere i langt større grad i langt fleire sektorar. 

Kommentar frå Kirkens Bymisjon, ved eigedomsdirektør Kaja Strøm-Håkonsen: 

Kirkens Bymisjons rolle i denne rehabiliteringen var at vi som eier godkjente fremutleien fra Sagene Menighet (Leietaker og Fremutleier) til Amper Tone (Fremleietaker) for å støtte et positivt tiltak, og for å tilrettelegge for finansiering av restaureringen av flygelet i Sagene Kirke.

I vår godkjenning forutsatte vi at Kirkens Bymisjon ikke vil bli påført noen form for kostnader ifm. søknad om bruksendring, eller rehabilitering av lokalene. Det hele og fulle ansvaret knyttet til dette ville ligge på Sagene Menighet som fremutleier.

Vi synes det er leit å høre at Amper Tone opplever å være i en frustrerende situasjon. Vi oppfordrer dem til dialog med sin fremutleier, som er avtalepart og riktig adresse her.

Sluttnotar

 

1

Statistisk sentralbyrå, «Nordmenns forbruk nest høyest i Europa», ssb.no, 27. juni 2022, sist opplasta 31. mars, 2024.

2

Pachyderm er mest kjend for innspelinga av det siste studioalbumet til Nirvana, In Utero, i februar 1993, men også for Rid of me (1993) av PJ Harvey, Hollywood Town Hall (1992) av the Jayhawks og Grave Dancers Union (1992) av Soul Asylum.

3

Denne boka er ei fin oppsummering: Roger D’Arcy og Hugh Flynn, RA: the book: the recording architecture book of studio design (London: Black Box Limited, 2011).