Selvangivelsen: BRUKET arkitektur

Av Solveig Nygaard Langvad

Publisert 18. november 2024

Foto av fem mennesker som står inntil hvert sitt tre i skogen. Gruppebilde.

De ansatte i BRUKET. Mads Senneseth er klippet inn bakerst i bildet.

Foto: Ingerid Jordal

BRUKET er ei familiebedrift på Voss med tette band. Draumen er å få lov å omforme Hestavangen på Voss frå parkeringsplass til eit offentleg rom for folk i alle aldrar.

Av Solveig Nygaard Langvad

>

Hvilke oppgaver er det brukt flest timer på det siste året?

Rehabilitering/etterisolering av sentrumsbygg, boligprosjekt (tilbygg/påbygg/ombygg), boliginteriør, asylmottak og reguleringsplaner. 

Minste pågående prosjekt i omsetning: 

Badestove i Granvin. 

Største pågående prosjekt i omsetning: 

Prosjektering av ein mogeleg ny folkehøgskule i tilknyting til ein gamal hovudgard i Skien. 

Hva blir de viktigste satsingsområdene de neste to til tre årene? 

BRUKET er midt inne i ein strategiprosess der me diskuterer korleis me ynskjer å drive kontor i framtida. Me opplever det som utfordrande å drive eit lite uavhengig kontor på bygda, og har behov for å tydelegare definere vårt handlingsrom. Me opplever at arkitektyrket er i stor endring, og har behov for å tenke grundig gjennom kva me skal jobbe med. 

Hvilke debatter som omhandler arkitektur, er mest aktuelle der dere holder til?

Voss er tydeleg prega av debatten kring flaumsikring, og korleis dette påverkar handlingsrommet for nye prosjekt i sentrum. Arealnøytralitet er eit anna viktig begrep som vert mykje omtalt i heradet. Dette vil gi viktige føringar for kvar og korleis ein kan bygge i framtida.

I hvilken grad påvirker klimaspørsmålet og utslippsmål hvordan dere arbeider i det daglige?

Ein stor del av våre prosjekt er rehabiliteringsprosjekt av bustader bygd mellom 1950 og 1990. I desse prosjekta balanserer me på ei tynn line mellom energieffektivisering og tilgjengeleg budsjett. Samstundes har me eit stort fokus på byggebransjen sitt enorme totale fotavtrykk, og er i gang med eit forsøksprosjekt der målet er å etablere ei ny sirkulær næringskjede for trevirke lokalt på Voss. 

Hvordan er organisasjonsgrad, samarbeid mellom ansatte og ledelse, arbeidsbetingelser og arbeidsforhold? 

BRUKET er ei familiebedrift med tette band. Dette krev at me er tydelege med kvarandre og ryddar litt i kva hatt ein sit med til ei kvar tid. Det er ikkje alltid lett å finne ein god balanse i dette, men me meiner me etterkvart klarer det bra. 

Hvilket prosjekt er dere mest stolt av? 

Me har teikna verdas finaste sykkel- og bosbu! Men mest stolte er me nok av den nye polikliniske avdelinga me har teikna for Voss DPS NKS Bjørkeli. Dette er eit viktig bygg for mange menneske i ein sårbar situasjon. 

Hva skal til for at dere sier nei til et oppdrag?

Som pote-kontor må ein sei ja til det meste. 

Hva er deres drømmeoppdrag? 

Å få lov å omforme Hestavangen (eit sentralt område på Voss) frå parkeringsplass til eit offentleg rom for folk i alle aldrar.

Hva er historien bak navnet deres? 

BRUKET arkitektur er bygd på fundamenta til kontoret Arkitektbruket som vår seniorarkitekt, Knut, dreiv saman med tre andre vossa-arkitektar. BRUKET kom som ei naturleg vidareføring, og som ein «generasjon to»-variant. 

>
>
>