Førsteamanuensis (50%) i farge ved Institutt for design

Universitetet i Bergen, Bergen

Søknadsfrist: Snarest

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Universitetet i Bergen, Bergen

Hjemmeside

Søknadsfrist: Snarest

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for design, Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (50 %) innan fagområdet farge. Tilsetjing etter avtale.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Vi søkjer ein førsteamanuensis til undervisning og forsking i farge til våre fagområde visuell kommunikasjon og møbeldesign/interiørarkitektur. Den ideelle søkjaren er ein god formidlar og har god kunnskap og kompetanse i både analoge og digitale verktøy. 

Søkjaren bør vere ein aktiv utøvar med skapande praksis innan design, arkitektur eller kunstfeltet, og kunne bidra til å utvikle fagområdet farge gjennom ein kombinasjon av teoretisk og praktisk tilnærming.

Vår nye førsteamanuensis bør ha praktisk erfaring med farge som designfagleg/kunstnarisk verkemiddel, inkludert farge- og lysteori, fargesystem, teknisk materialkunnskap om fargestoff (som til dømes pigment, bindemiddel, etc.) samt psykologiske og kulturelle aspekt ved fargebruk.

Det er ønskjeleg at søkjar kan bidra til å utvikle og styrke fargen si relevans og posisjon i våre studieprogram og i det kunstnariske utviklingsarbeidet på instituttet.
 

Arbeidsoppgåver 

  • - Undervisning, rettleiing og eksamensarbeid  
  • - Ansvar for undervisningsopplegg i samsvar med studieplanar
  • - Kunstnarisk utviklingsarbeid, inkl. prosjektutvikling/-leiing og aktiv deltaking i forskingsgrupper
  • - Rettleiar for BA-, MA- og ph.d.-studentar
  • - Rekruttering av BA-, MA- og ph.d.-studentar, inkl. opptaksarbeid kan bli aktuelt
  • - Formidling
  • - Organisering og tilrettelegging av desse oppgåvene
  • - Administrative oppgåver og andre styringsoppgåver, inkl. komitéarbeid kan bli aktuelt



Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd ph.d.-utdanning eller gjennomført godkjent stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid på aktuelt fagområde eller dokumentert kunstnarleg verksemd eller utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå og med ei særleg fordjuping som er relevant for fagområdet eller disiplinen.

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notat skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også kunne måtte halde prøveførelesning for stab og studentar ved instituttet.

 

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • - Ein utvikla praksis innan fagområdet.
  • - Erfaring med undervisning på universitetsnivå.
  • - Organisatoriske evner og erfaring.
  • - Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.
  • - Gode samarbeidsevner, med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon.
  • - Arbeide sjølvstendig og strukturert, vere ansvarsbevisst, fleksibel og imøtekommande.



Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.

Arbeidsstad for stillinga er på campus i Bergen, og det vert forventa jamleg nærvær.

Vi tilbyr:

  • - Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø.
  • - Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) i årsløn kr. 742 000 – 782 000 brutto i året i 100% stilling. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • - Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • - Gode velferdsordningar



Søknaden skal innehalde:

  • - CV.
  • - Vitnemål og attestar.
  • - Materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og kunstnarleg verksemd.
  • - Dokumentasjon av undervisningserfaring og pedagogiske kvalifikasjonar.  (Last ned og fyll ut skjema for pedagogisk mappe).  
  • - Søkaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg, mellom anna ei beskriving av intensjonar og mål for åremålsperioden. 



NB: Søknadane blir vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen. Der originalen ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må det leggjast ved attesterte omsetjingar til eit av desse språka.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Fungerande instituttleiar Ørjan Djønne, tlf.: 92216862 , e-post: Orjan.Djonne@uib.no

For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK PÅ STILLINGEN HER!


Om Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.