Rådgivar bygningsarv og kulturmiljø
Møre og Romsdal fylkeskommune, Molde
Søknadsfrist: 21. august 2024
Ønsker du å ta vare på og utvikle bygningsarven og kulturminna sin funksjon i levande, gode lokalsamfunn?
Stillinga som rådgivar er plassert i Kulturavdelinga, Seksjon for kulturmiljø og friluftsliv.
Seksjon for kulturarv har 17 tilsette, fordelt på tre faggrupper innafor bygningsvern og nyare tids kulturminne, landskap og friluftsliv og arkeologi. Seksjonen vert leia av ein seksjonsleiar. Arbeidsstad er Molde. Du må rekne med ein del reising i heile fylket. Den som tiltrer stillinga får vere med å utvikle kulturmiljøfeltet i eit attraktivt og vakkert fylke, både geografisk og kulturelt.
Arbeidsoppgåver
- • Forvaltning av freda og verneverdige bygg og anlegg. Følge opp eigarar med rettleiing og behandling av søknadar om dispensasjon og tilskot.
- • Forvaltning av by- og tettstadar. Ivareta kulturmiljøinteressene i plan- og byggesaker og som rettleiar for kommunane.
- • Forvaltning av verdsarv, blant anna å følge opp istandsetting med tilskot og rettleiing.
- • Bidra i regional planlegging og til utvikling av rolla som rettleiar og sektormynde i plan- og byggesaker.
- • Vere ein pådrivar for utvikling av kulturarven gjennom prosjekt, kompetanse- og nettverksbygging.
Kvalifikasjonar
- • Høgare utdanning innafor eit eller fleire av faga arkitektur, kulturminneforvaltning, kulturhistorie, fysisk planlegging, kunsthistorie eller tradisjonelt bygghandverk
- • Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- • Førarkort, kl. B
- • God digital kompetanse
- • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Det er ønskeleg at du har:
- • Erfaring frå offentleg forvaltning innafor kulturmiljøforvaltning
- • Erfaring frå plan- og byggesaksbehandling og/eller regional planlegging
- • Kunnskap om prosess- og prosjektledelse
Personlege eigenskapar
- • Løysingsorientert, sjølvstendig og god gjennomføringsevne
- • Strukturert og kan halde fristar. Kunne prioritere blant oppgåver.
- • Evne til å formidle og kommunisere med ulike fagmiljø
- • Evne til å sjå heilskap og samanheng på tvers av fagfelt
- • Å kunne stå i krevjande situasjonar og ha ein omgjengeleg åtferd
- • Ein sjøvstendig lagspelar og ein pådrivar
Vi tilbyr
- • Ei utfordrande stilling i eit engasjert og utviklande arbeidsmiljø
- • God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- • Introduksjonsprogram
- • Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- • Løn etter avtale
Vi søker ein engasjert medarbeidar med stor interesse for bygningsarven vår, og som ser ivaretaking av kulturminne og kulturmiljø som ein del av den heilskaplege samfunnsutviklinga. Du må arbeide godt i nettverk, vere ein pådrivar og ha gode evne til dialog og samhandling, med kommunar, eigarar, utbyggjarar, lag, foreiningar, museumstilsette og handverkarar.