Meninger / Debatt
Hva kan arkitektorganisasjonene gjøre for å styrke arkitektur?
Av Henrik Lundberg
Er det hold i regjeringa sitt mål om flytte arbeidsplassar frå storbyen ut til dei små plassane, spør vi viss Norges nest største – og dermed provinsielle – by.
Er det hold i regjeringa sitt mål om flytte arbeidsplassar frå storbyen ut til dei små plassane, spør vi viss Norges nest største – og dermed provinsielle – by.
Konkurransen om beinet i hovudstaden gjer så stadig fleire kontor retter sine svoltne blikk mot marked andre steder i vårt langstrakte land. Når det ikkje finnes vurderingskriterie som går på kontoret sin geografiske plassering, så blir det naturlig nok ikkje vurdert.
Dermed får kontor i Oslo innpass i alle dei lokale markeda, og nyttar seg av det i langt større grad enn kontora i dei mindre byene gjer.
Éin sak er dei prestisjefylte prosjekta, som har ringverknader av nasjonal eller internasjonal skala, og kor ein treng eit større tilfang av idear. Ein anna sak er dei mindre prosjekta som i hovudsak er knytta til det lokale miljøet og folka der. Små fillesaker som ein ikkje treng spesialkompetanse til, men derimot lokal tilhøyring og forståing.
Vi ser at ei rekke konkurransar blir vunne av kontor frå Oslo – eit boligområde ved havet, ein skule i fjorden, eller små tilpassingar på historiske anlegg.
Ekstra bittert er det når det er det offentlege som gir kontrakten til Oslo. Det offentlege, som skal halde hjula i gang også i tøffe tider, bør vere sitt ansvar bevisst og gå foran som eit godt eksempel. Det er ikkje umogleg å innføre vurderingskriterie på lokal tilhøyrigheit.
Regjeringa har trass alt felt ned eit ønske om desentralisering av arbeidsplassar i Hurdalsplattformen. Dette speler ikkje på lag med måten arkitektkontraktene blir tildelt. Dersom vi i provinsen skal fortsette å bu her, og om dei flotte anlegga som blir teikna skal bli brukt, så må vi fortsette å kunne jobbe her. Prinsippet om sosial berekraft tilseier det same. Om Noregs ‘utkantstrøk’ skal overleve, så må det leve folk her.
Kanskje ser vi på ei dystopisk framtid der vi må flytte til Oslo for å jobbe med prosjekter i Bergen.
No skjerper også regjeringa krava for å ivareta klima- og miljøhensyn ved offentlege anskaffelser, når klima- og miljøhensyn skal vektast 30%. Særlig hensyn blir ikkje tatt dersom landskapsarkitekten skal reise land og strand over for å befare den vesle rampa si, eller den nye kantsteinen langs grusvegen. Lite sannsynleg er det også at dei knappe økonomiske rammene tillét det.
Byarkitekten i Stavanger skriver godt i sin kommentar at det å miste oppdrag til kontor i Oslo «uthuler den lokale kompetansen, de lokale arkitektene taper stadig oppdrag og det kan føre til at de over tid forsvinner».
Dersom det skal finnast arbeidsplassar i distriktet så må det vere mogleg å vinne jobbane lokalt. Og ja, da teller vi Bergen som distriktet. Og ein skjønner jo at det blir heilt på trynet.
Meninger / Debatt
Av Henrik Lundberg
Meninger / Debatt
Av Henrik Lundberg
Meninger / Debatt
Av Tonje Broch Moe
Meninger / Debatt
Av Anette Søby Bakker
Meninger / Debatt
Av Ole Knagenhjelm Lysne
Meninger / Debatt
Av Even Bakken