Dei freda artane i arkitekturreservatet

Ein kritikk er ikkje ei tilbakemelding til arkitekten, og heller ikkje ei prosjektskildring. Den som set eit bygg ut i verda, lyt òg tole at verda svarar, skriv Ingeborg Katie Åtland.

Av Ingeborg Katie Åtland

Ein kritikk er ikkje ei tilbakemelding til arkitekten, og heller ikkje ei prosjektskildring. Den som set eit bygg ut i verda, lyt òg tole at verda svarar, skriv Ingeborg Katie Åtland.

Av Ingeborg Katie Åtland
Ingeborg Katie Åtland

Ingeborg Katie Åtland, arkitekt MNAL.

Foto: Synne Sofi Bårdsdatter Bønes
>

Melderiet ser ut til stadig å måtte forsvare sin eksistens. Det burde ikkje vere naudsynt, men her kjem endå ei spalte som minner om kva kritikken er, og kva han skal gjere.

Kulturkrasjet oppstår når arkitektane trur kritikk skal vere ei prosjektskildring av det nye bygget deira. Rolla mi som kritikar er ei heilt anna. Ein kritikk er ikkje ein omtale på bestilling. Kritikaren skriv for arkitekturen med stor A, og for dei som skal bruke bygga, bu i og vandre forbi dei. Målet med kritikken må vere å føre ein offentleg fagleg samtale om nettopp: faget.

Samtalen vert forureina av ein framsnakkingskultur. Når alt er godt, er ingenting godt, og det er den gode arkitekturen som tapar mest på at alt vert flata ut. Særleg i Bergen kan eg kjenne på den klamme nærleiken i dumpa mellom fjella. Avstanden mellom relasjonane er kort, slik han er i eit lite land med eit tett fagmiljø. Det gjer fort to ting med oss: Vi tør ikkje meine noko, og difor får vi heller ikkje øvd opp muskelen som trengst for å ta imot kritikk.

Likevel bør ein kritikars lojalitet til arkitekturen strekkje seg langt lenger enn desse menneskelege omsyna. Ein skal vere ærleg om det ein ser. Det er ikkje jobben min å løfte fram berre det alle allereie er samde om, og som er lettast å forsvare. Ei heller å trøyste arkitekten. Å rose eit bygg som òg fortener kritikk, gjer ingen noko godt. Bygget blir ikkje betre av det, arkitektane blir ikkje betre, og kritikken: sløv.

>

Små og store kontor

Eg skal no trekkje nokre lange, generaliserande linjer: 

Mi erfaring er at dei mindre, yngre kontora viser langt større kapasitet til å ta imot og diskutere det bygde. Nokre takkar til og med for kritikken, og ønskjer han velkomen.

Hos fleire av dei store, etablerte kontora er haldninga ei anna. Her møter eg oftare folk på bakbeina, og krav om å justere meiningar dei sjølvsagt ikkje har nokon rett til å røre.

Om skilnaden handlar om storleik – at dei minste lyt vere i takt med feltet for å overleve –, om alder – nærleiken til studietida og måten ein diskuterte på då –, eller om etableringsgrad – vanen med å bli omtala på eigne premissar –, veit eg ikkje. Men regelen er frykteleg enkel: Eit bygg er ei offentleg handling. Det står i byrommet i hundre år og pregar kvardagen til folk som aldri har bede om det. Den som set noko ut i verda, lyt tole at verda svarar, òg når svaret ikkje er det arkitekten håpa på.

Så til alle, store og små: Ikkje te dykk som freda artar i reservatet. Det er nye tider. Bli med, eller bli hengande att.

Kritikken sin bruksverdi

Verdien av kritikken ligg i at han synleggjer usemja vår. Å melde seg ut av debatten er lettare enn å stå i det, men det er i usemja faget blir betre. Gjer vi som somme legg opp til, held vi fram som før: på kvar vår tue, med ei stille overtyding om at vi gjer noko genialt.

I beste fall skjerpar kritikken arkitekturen. Han gjer oss til meir medvitne brukarar og arkitektane til betre arkitektar. Men kritikken er avhengig av at nokon tek imot han og gjer noko med det. Er kritikken sløv, vert feltet sløvt. Er mottakinga sløv, hjelper det lite kor skarp kritikken er.

Dette er ikkje nye tankar. Fleire i fagfeltet har teke til orde for ein kultur som toler motstand. Tordis Hoem spurde om arkitektstanden gjer faget ei bjørneteneste når han i hovudsak avviser kritikken av det bygde. Klaus Mikkelsen skreiv at arkitektar verken blir skuldfrie eller klokare av å gå i forsvar. Ida Messel takka like godt for all kritikken, «den gode og den vonde». 

Likevel overraskar det meg kvar gong eg ser kor lite som skal til før samtalen stivnar. Kritikaren har ikkje det siste ordet. Meldaren er no berre éi stemme blant mange. Når ein einskild tekst like fullt får etablerte kontor til å krevje han endra eller trekt, set dei seg berre lagleg til for hogg.

Då er det ikkje kritikken som har for stor makt. Det er tolsemda som er for lita.

>
>
>