19. desember 2024
Arkitektur
Klarsignal for Byggetrinn 2 i regjeringskvartalet

Stortinget har sagt ja til «Byggetrinn 2, del 1» av det nye regjeringskvartalet. Statsbygg starter bygginga av C-blokka.

Regjeringskvartalet Statsbygg illustrasjon

C-blokka sett frå Møllergata. Etter D-blokka blir C-blokka den største bygningen i det nye regjeringskvartalet med sine 21 800 kvadratmeter fordelt over 11 etasjar.

Illustrasjon: Statsbygg/Team Urbis/Nordic Office Of Architecture

– Vi går nå i gang med bygginga av byggetrinn 2 rett over nyttår, i januar i 2025, seier prosjektdirektør Jard Bringedal i Statsbygg i ei pressemelding.

I «Byggetrinn 2, del 1» ligg blant anna bygginga av C-blokka, kjellerarbeider og rehabilitering av byggingar i Møllergata. I tillegg kjem etablering av byrom og store delar av den parken som er planlagd nord i kvartalet, og som blir eit viktig grønt bidrag til hovudstaden. Stortinget har fastsett kostnadsramma for «Byggetrinn 2, del 1» til 8,5 milliardar kroner. Rehabiliteringa av G-blokka vil vere del 2 av byggetrinn 2.

Gjenreisinga av det nye regjeringskvartalet har gått føre seg ei stund allereie. Statsbygg hadde oppstart på byggetrinn 1 i januar 2021, og det er for tida stor aktivitet innanfor byggegjerdet på Hammersborg. Byggetrinn 1 skal ferdigstillast i løpet av 2025 og inneheld blant anna bygginga av A-blokka, D-blokka og kjellar 1, og dessutan rehabilitering av Høgblokka.

– Det nye regjeringskvartalet byggast for fleksibilitet for endring av departementsstruktur, oppgåvefordeling, arbeidsformer og kapasitet. Derfor er det bra å komme i gang med byggetrinn 2 nå, seier Jard Bringedal i pressemeldinga.  

«Byggetrinn 2, del 1» utgjer 40 000 kvadratmeter med nybygg og rehabilitering, derav 36 700 kvadratmeter nybygg og 3300 rehabilitering. Av nybygg er 14 900 kvadratmeter under bakken.

C-blokka er nybygget i byggetrinn 2. Statsbygg er byggherre, Skanska entreprenørar og Team Urbis/Nordic Office of Architecture arkitekt for blokka. Etter D-blokka blir C-blokka den største bygningen i det nye regjeringskvartalet med sine 21 800 kvadratmeter fordelt over 11 etasjar.

C-blokka vil bli liggande mellom Grubbegata og Møllergata. Dei første etasjane i C-blokka inneheld fleire av regjeringskvartalet sine fellesfunksjonar, som møterom, kantine, servicetorg, kaffibar og bibliotek. 3. til 10. etasje vil ha typiske kontoretasjar, medan 11. etasje er tiltenkt teknikk.Det nye regjeringskvartalet vil ha to publikumsinngangar, den eine blir i A-blokka og den andre i C-blokka.

Husrekkja i Møllergata 13, 13b og 15 ligg så nært det nye regjeringskvartalet at den av sikkerheitsmessige årsaker har blitt erverva av Statsbygg. Bygga skal rehabiliterast. Dei skal ikkje brukast til departementsformål, men skal i framtida leigast ut.

– Tilstanden til bygga er dårleg, og dei må gjennom ei omfattande oppgradering for at dei i det heile kan leigast ut, seier prosjektdirektør Jard Bringedal i pressemeldinga.

Av Redaksjonen