– For 2025 trappar vi opp kyrkjebevaringsfondet med ei ny tilskotsordning for å sikre og bygge opp viktig handverkskompetanse. Vi treng fleire handtverkarar for å ta oppdraga som kjem, slik at dei kulturhistoriske verdifulle kyrkjebygga i by og bygd blir tatt vare på. Den nye handtverkssatsinga er i tråd med regjeringas bevaringsstrategi for kyrkjebygg, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe i ei pressemelding.
Det er i alt fire tilskotsordningar som kyrkjene kan søke på for 2025. Det er to typar forprosjekt, hovudprosjekt og den nye kompetanseordninga.
– Overordna forprosjekt: ei oversikt over skadar, behov og manglar som gjeld kyrkjas eksteriør, interiør og inventar.
– Særskilde forprosjekt: eit forarbeid for konkrete istandsettings-, sikrings- og konserveringstiltak.
– Hovudprosjekt: eit byggjeprosjekt for å setje i stand, sikre eller konservere.
– Kompetansetiltak: tiltak som skal byggje kompetanse og kunnskap for handtverkare og rådgjeverarar som til dømes kurs, formell utdanning eller opplæring på byggjeplassen.
Håpar på mange søknadar
Kyrkjebevaringsfondet starta opp i 2024, og fordelte nærare 100 millionar til 44 kyrkjer som ei start på tilskotsordninga. Ramma for 2025 vil bli lagt fram med statsbudsjettet for 2025 seinare i oktober.
I den første runda med utlysing i 2024 var det 103 søknadar i alt. Frå Oslo og Nordland kom det ikkje inn nokon søknadar.
No blir fleire kyrkjer oppmoda til å levere inn.
– Sekretariatet i Trondheim er klare til å ta i mot enda fleire søknadar enn i førre runde, seier Oddbjørn Eide, leiar av kyrkjebevaringsfondet.
– Eg håpe at mange vil søkje, og at fleire kyrkjer har fått tid til å planleggje prosjekta sine. Vi veit at det er mange kyrkjer som framleis er i startgropa av prosjekta sine. Venteleg kjem vi til å tildele tilskot i løpet av januar 2025.
Av Redaksjonen