Midlane skal vere med på å auke effektiviteten og kvaliteten på samfunns- og arealplanlegginga. Tilskota blir gitt til ulike verksemder, organisasjonar og faglege nettverk. Løyvinga frå departementet skal auke kompetansen innan planlegging og utvikling av kart og geodata i privat og ideell sektor.
Departementet legg stor vekt på at alle som deltek i planprosessar har tilstrekkeleg kunnskap om sine rettar, pliktar og om gangen i planarbeid. Tiltaka som no får tilskot vil komme deltakarar i planprosessar til gode som t.d. innbyggarar, folkevalde, planleggarar, organisasjonar og næringsliv. Dette vil bidra til at kommunane og fylkeskommunane lukkast med god medverking i planarbeidet, at planane har god kvalitet og at prosessane går effektivt, skriv departementet i ei pressemelding.
I år har departementet fått 55 søknader. Det samla søknadsbeløpet var på ca. 13,1 millionar kroner og vitnar om stor interesse for ordninga. Det er to prioriterte tilskotsmottakarar i årets tildeling. Dette er BYLIVsenteret i regi av Norske arkitekters landsforbund (NAL) som får tilskot til drift på 2 millionar og Sekretariatet for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (SEVS) som får tilskot til drift på 1 million kroner. Begge arbeidar hovudsakleg med å auke den offentlege plankompetansen, skriv departementet.
Desse søkarane har fått tildelt tilskot i kategorien planlegging i 2023:
- Byantropologene AS
- Futurebuilt
- Grindaker AS
- Habitat Norway
- Holth og Winge AS
- Insam AS
- Kommunesektorens interesseorganisasjon (KS) v/Sekretariatet for etter- og videreutdanning, Forum for utdanning for samfunnsplanlegging og Forum for kommunale planleggere
- Hisøy frivillighetssentral KS Agder
- Leva Urban design
- Norsk bolig og byplan forening
- Norsk kommunalteknisk forening
- Norske arkitekters landsforbund
- Openhouse Oslo
- Openhouse Bergen
- PS Paaby Prosess
- Transportøkonomisk institutt
- Tekna Samfunnsutviklerne