NG5 – UiB Administrasjonsbygg Bergen

Arkitekter

  • ARTEC AS

Interiør foto av en forsamlingssal med oransje stoler i rader, og kunstverk på betong veggen.

Å skilje kunstverka frå arkitekturen reduserer jo verkenes kunsthistoriske verdi.

Bergenskontoret Artec vann konkurransen om rehabilitering av Nygårdsgaten 5 tilbake i 2018. Kvartalet, som på folkemunne er kjent som det gamle BT-bygget, har vore i Universitetets eige og bruk sidan Bergens Tidende flytta ut omkring tusenårsskiftet. Her har alle dei administrative organa til UiB no fått ein felles heim.

Arkitekt
  • ARTEC AS
Interiørarkitekt
  • ARTEC AS
Oppdragsgiver
  • Universitet i Bergen / Brødrene Ulveseth
Bruttoareal
  • 17000 kvm.
Ferdigstilt
  • 2023
Arkitekt medarbeidere
  • Jørgen Ekerhovd, arkitekt MNAL
  • Per Reigstad, arkitekt MNAL
  • Martin Isak Jansen, arkitekt MNAL
  • Martyna Jaroszewska Folusiak
  • Ole H. Tveberg, arkitekt MNAL
  • Phu Berntsen, Niklas Profors, Ragnhild Lien Olsen, Viktor Svantesson
Interiørarkitekt medarbeidere
  • Marianne Sether Knudsen, Trude Dale Monsen, Vola Tjerevaag og Beata Brzoza, interiørak. MNIL
Landskapsarkitekt medarbeidere
  • Smedsvig Landskapsarkitekter v/ Janis Vagolins og Stina Karlsson med Arne Smedsvig, landskapsark. MNLA og Vibeke Myran, landskapsark. MNLA
Konsulenter
  • RIB: NODE rådgivende ingeniører
  • RIV: Rambøll
  • RIE: Voss Elconsult
  • RIBr, RIAku: Norconsult, Byggherrombud
  • SHA-koordinator: Kepla
  • Prosjektledelse: Multiconsult
Adresse
Nygårdsgaten 5, Bergen
Kontraktssum etter optimalisering
  • 314 mill. NOK eks. Mva (2023)
Foto
  • Hugo Lütcherath
Foto av fasade på kontorbygg, varmt lys fra innsiden.

Nygårdsgaten 5 har fått eit nytt andlete. Den repetitive rasterfasaden brytes opp av eit langstrekt vindusparti over ny hovudinngang ramma inn av to karnapp.

Foto: Hugo Lütcherath

Ta trappa

Eit langstrekt vindusparti over ein ny hovudinngang bryt med den repetitive rasterfasaden. Innandørs ville ein før ha møtt på eit trappeløp som leia deg oppover i bygget. Ved kvar trappeavsats var det stilt ein veggmosaikk. Kvar av dei sju etasjane fekk sitt eige motiv. Sett i hop, fungerte det som ei heilskapleg utsmykking, der mosaikkane fylgde deg oppetter etasjane.

Dei svære kunstverka vart saga ut, etasje for etasje. Alle åtte verk befinner seg no på første plan. Ingen er fjerna, men dei fleste har flytta på seg. Unntaket er mosaikken på sørveggen i inngangshallen som, den gong då, leia deg frå inngangspartiet og bort til hovedtrappa. Ein kan framleis skimte omritet av den føregåande marmortrappa med sine avsatsar som skar i dei nye veggane.

Det førre romforløpet er erstatta av ei gjennomfart på tvers av kvartalet. Med inngangar i kvar ende, utgjer dette ei passasje imellom Nygårdsgaten og parallellgaten Fosswinckels gate, som ymtar vidare opp mot universitetshøgda. Ingen av kunstverka er plassert her, men det er framleis gode grunnar til å ta trappa i staden for heisen.

Interiør foto av trappeløp i kontorbygg, felesarealer og kontorer.
Foto: Hugo Lütcherath

Trappeløpet opplevast dynamisk med sin storleik, møter mellom vinklede flater og tversgåande broer. I front opnar det seg eit atrium på seks etasjar som sikrar ljos og gjennomgåande visuell forbindelse frå den eine gata til den andre. Oppover etasjane er det nytta abstrakte utdrag frå form- og fargepaletten i mosaikken til møblement og grafikk. Interiøret fungerer ellers som ein bakgrunn av lyse tresortar, innslag av mørke detaljar og malte flater i mosaikkens farger. Dei sosiale tenestene og fellesromma ligg tett knytta opp mot trappeløpet og befinner seg i dei nedre etasjane.

Interiør foto av felles område i kontorlokaler, lyst treverk, bord med barstoler rundt.

Lyse tresortar pregar interiøra.

Foto: Hugo Lütcherath

Åleine med sin materialitet

I vestibylen er det plassert to stykk mosaikkar tvert ovanfor heisrommet. Den eine sitt i ei tjukk, sortmalt stålramme som synar betongens djupne. Bergenskunstnaren Reidar Johan Berles sin mosaikk bærer preg av ei rekke forenkla formar i fargar som i saman skapar eit rytmisk spel over betongflatane. Ved sida av står den andre innfelt i veggen. I eit bygg reinska for synlege stein- og betongmaterialar, får kunstverka skinne åleine med sin materialitet.

To glasskledde karnapp lener seg atterhaldne utover forplassen. Dei rammer inn vestibylen på begge sider. Bak glaset finn ein to opne fellesrom kobla saman i ei hestesko-form, skilt av med dører. Bygardane sine originale glastak senkes nokre etasjar ned, som sikrar god belysning på fyrste plan.

Ein tredje mosaikk er montert på bakveggen i den nordre delen, vendt ut mot gata. Den er innramma i tre og belyst slik at den kan sjåast også frå utsida, i Nygårdsgaten. I bakhånd fins ein storsal ikledd lyst treverk. På ein sortmalt kontrastvegg lener dei fem resterande mosaikkane seg på rekke. Her nyttas ein fjerde type innramming. Kantane er ikkje forfina, og ein kan tydeleg sjå der det er sagd og slått seg sprekker. Storsalen fungerar som eit ytterligere, dog mindre, alternativ til universitetsaulaen, og nyttast til UiBs mange arrangement og seminarar.

Foto av fasade, tre og sykkelparkering på fortau, varmt lys fra innsiden.

Ei av mosaikktavlene er synleg også frå utsida, i Nygårdsgaten.

Foto: Hugo Lütcherath

Historiebærere

Utsmykkinga av Nygårdsgaten 5 vart del av det fyrste byggetrinnet på 1960-talet. Ved bruk av bygningsmateriala stein og mørtel, blei kunsten knytta saman med arkitekturen. Å la kunsten få spele ei aktiv rolle i arkitekturen, var noko arkitektar over heile verda var opptekne av i etterkrigstida. Interiørenes flater, inventar og detaljer blei i samarbeid med kunstnarer formgjeve med gjennomførte, sjølvstendige uttrykk. Desse bygningane har derfor stor eigenverdi som historiebærere og kulturminner.

Steinmosaikken var eit verk vendt mot folk, som du fekk rett i fleisen der du kom gåande inn. Å skilje kunstverka frå arkitekturen reduserer jo verkenes kunsthistoriske verdi. Heilskapstankegangen bortgår når ein deler dei opp og plasserer dei ut i ulike rom. Veggmosaikk har blitt enkeltståande steintavler, og får dermed ein ny funksjon i dei viktigste fellesareala på grunnplanet.

At kjensla av ei serie først er å kjenne på inne i ein lukka storsal er litt synd. Eg sett meg vidare spørsmål om den varierande innramminga bidrar til ei kjensle av heilskap. Tross det, trer dei fram som påfallande kunstverk, svære stykkar formspel, også slik dei står den dag i dag.

Interiør foto av en forsamlingssal med oransje stoler i rader, og kunstverk på betong veggen.
Foto: Hugo Lütcherath