Sentralbadet Bergen

Arkitekter

  • HLM Arkitektur AS

  • Haworth Tompkins

Eksteriørfoto av fasaden på Sentralbadet ut mot Teatergaten.

Etter år med diskusjonar blir det gamle Sentralbadet i Bergen ein etterlengta heim for Carte Blanche, nasjonalkompaniet for samtidsdans og Bergen Internasjonale Teater. Men eit stort spørsmål står at: Men har ein bevart nok?

Debatten har løya, men Sentralbadet er framleis eit lada ord i Bergen. Nord i sentrum står tomta der riving og bygging har herja om kvarandre. Eg er ikkje åleine om å synast: Det har vore vondt å sjå på. Det gjer godt at bygget omsider har funne si form – same kor samd eller ikkje ein er i utfallet.

Transformasjonen kan ikkje sjåast uavhengig av kva stad Sentralbadet var for folk, korleis Bergen kommune snubla i vedtektene til sin eigen arkitektkonkurranse, så Norske arkitekters landsforbund (NAL) bad om ny utlysing. Bergen kommune og entreprenørselskapet Consto Bergen havna i retten. Samstudens som debatten raste vidare gjennom aviser og arkitektfora.

Arkitekt
  • HLM Arkitektur AS
Arkitekt
  • Haworth Tompkins
Interiørarkitekt
  • IARK AS
Oppdragsgiver
  • EFU – Etat for utbygging Bergen kommune
Ferdigstilt
  • 2026
Arkitekt medarbeidere
  • Oppdragsansvarlig: Gudrun Molden, sivilark. MNAL; Monika Jasioková, master arkitektur; Juni Øst- vang, master arkitektur, Patrick Schup- penhauer, master arkitektur; Ana Maria Pop, master arkitektur; Mads Løkeland, master arkitektur; Ragnvald Winjum, master arkitektur MNAL; Per Højgaard Nielsen, master arkitektur MNAL, Gøran Dørum. HowardThompins architects: Roger Watts, Jason Mckay, David Hodgson
Landskapsarkitekt medarbeidere
  • Smedsvig landskap v/ Stina Karlsen
Interiørarkitekt medarbeidere
  • IARK v/ Elisabeth Trømborg, interiørark. MNIL. Tone Nærø v/ Tone Nærø, interiørark. MNIL
Konsulenter
  • Sweco
Adresse
Teatergaten 37, Bergen

Først: sjølve badet

Hygiene hadde lenge vore del av samfunnsoppdraget då Bergen omsider fekk Sentralbadet i 1960, si fyrste offentlege symjehall. Her møttest mosjonistar, topputøvarar, badeentusiastar og dei mange utan dusj heime. Det var arkitekten Halfdan B. Grieg som teikna badet som vart å rekna blant modernismens sentrale verk. Ikkje upåverka av tidas tann, vart bassenga i Sentralbadet tømde for siste gong då symjeanlegget AdO Arena opna i 2014.

Tørrlagde basseng tydde ikkje eit tomt lokale. Tvert om viste bygget seg som ein sjenerøs bakgrunn, eit tilpassingsdyktig rammeverk – langt meir overtydande enn

fleirtalet av bygg med mål om å oppnå det same. Framsyningar, peparkakeutstilling og vaksinestasjon fann alle heim i bassenget. Kvifor folk la sin elsk på Sentralbadet, handlar nok vel så mykje om å få oppleve bygget i ulik bruk som at dei der tok sine fyrste symjetak.

No er badet straks klart for si neste akt; ikkje for vatn, men kunst. Sentralbadet Scenekunsthus blir ein etterlengta heim for Carte Blanche, nasjonalkompaniet for samtidsdans, og Bergen Internasjonale Teater. Med framifrå scenar, prøvesalar og eit mangfald av publikumsareal, skal Sentralbadet att fyllast med aktivitet og yrande folkeliv.

Transformasjon >< Perfeksjon

Eg hugsar då transformasjonen vart debattert føre ein fullstappa Bodega.1 Panelet bestod av kommunen, antikvaren, Sixten Rahlff frå 3RW Arkitekter og Gudrun Molden frå HLM Arkitekter. Molden speler vinnarrolla, Rahlff: taparen, antikvaren stiller seg nøytral (!) og kommunen: Dei som har både fasilitert og spent bein for prosessen.

Ein lagar ikkje eit moderne scenekunsthus av ein symjehall utan å setje spor i bygningskroppen. Molden argumenterte med strenge krav til rom og teknikk, og kjempa for gode lokale til kulturbærarane i byen. Rahlff hevda på si side at transformasjon burde handle om fleksibilitet, ikkje perfeksjon. Sjølv sit eg att med kjensla av at ein finn det ein leitar etter. Rapportar viser at større bevaring var både mogleg og umogleg. Gode lokale og bevaring av eit stykke arkitekturhistorie er ingen motsetnad. Her meiner eg ein har vore for oppteken av kva arkitekturen skal gjere, framfor korleis.

Sentralbadet er i godt selskap; modernistiske betongbygg – som Y-blokka i Oslo og Samfunnshuset i Namsos – er ikkje nødvendigvis av den fleksible sorten. Likevel står me overfor ei tid der stadig fleire slike bygg treng fornying. Og det gjer kanskje òg vårt eige transformasjonsomgrep. Sjølv om ein kan vere usamd i HLM arkitektur si praktisering av transformasjonsomgrepet, må det nok, i møte med notidas realitetar, vidast ut, tole meir, verte breiare.

Interiørfoto av foaje med inngang til sal. Gjenbrukt konstruksjon inkludert hvite fliser fra Gardemoen

Foajeen er prega av lyset og betongen, synleg forsterka med karbonband for å bere dei nye kontoretasjane. Ein gjennomgåande oransjefarge knyter publikumsareala saman.

Foto: Arkitekturfoto ved Montag

Mot havet

Gamle Sentralbadet var todelt; med eit frontbygg mot Teatergaten og eit lågt bassengbygg mot Baneveien i skråninga ned mot Nøstebukten. Det blir naturleg å omtale dagens bygg òg som to, då denne horisontale inndelinga er like gyldig.

Bassengbygget er heva sju meter og blir då fleire meter høgare enn frontbygget. Det framstår likevel som lågt sett opp mot dei fire nye kontoretasjane på fronten. På den måten er todelinga, no med påbygg og oppskalering, framleis i balanse, men dei opphavlege proporsjonane mellom front og bak er tapte.

Arkitektane har gjort nokre lure grep i overgangane som trekkjer kontoretasjane tilbake og skil dei frå resten av bygningskroppen. Ikkje minst: å doble vindaugsbreidda i øvste etasjen bidreg til at påbygget «set» seg godt. Elles verkar kontoretasjane så identitetslause som mogleg – som for å prøve å gøyme dei bort. Det tunge beltet på frontbygget set uansett eit slags punktum: Berre ikkje sjå vidare opp!

Det er når ein ser den originale pipa at ein verkeleg kan vurdere storleiksgapet – der ho før skaut opp frå bygningskroppen, stikk ho no berre nokre meter over mønet. Å bevare ho verkar som ei unødvendig anstrenging, og blir ståande att som eit slags alibi.

Bygget vert kledd i ulike grønyansar i form av fliser, fasadeplater og måla flater. Sjølve fargevalet spelar godt med nabobygga, men dreg arkitekturen vekk frå det opphavlege språket. På elles monokrome fasadar stikk element som garasjeport og luker seg ut, der dei kolliderer i nyansane med den overordna grønfargen.

Interiørfoto av studio med stor takhøyde. Vegger ikledd treverk og store vindusflater slipper inn mye lys inn i rommet

Dei øvre etasjane rommar sjenerøse arbeidslokale, ikledd av treverk og med store lysinnslepp.

Foto: Arkitekturfoto ved Montag

Mot byen

Frontbygget møter gata med ein jamn rytme av pilastrar og glas, og gjev dei fyrste etasjane stor kontaktflate mot byen. Her er dei bærande konstruksjonane originale, og ein kan sjå det tidlegare livet, kvar eføyen tidlegare har snirkla seg opp veggen. Det tette, rektangulære bandet over – eit sentralt kjenneteikn ved originalbygget – har fått ny drakt med grøne fliser som gir dybde og fasadespel.

Som eit magebelte under dei nye etasjane blir flisfeltet punktert av eit frontvindauge som etter mitt eige syn bryt for mykje med den originale arkitekturen og dets ansikt utad. Glaset på sida kan eg tole betre. Innanfor båe vindauga kjem det studio, noko som kan gje sårt tiltrengt liv til gateløp prega av introverte fasadeliv.

Den opphavlege trappa opp og inn i bygget har måtte vike for eit nytt inngangsparti éin etasje lågare. Slik ligg foajé, scenesalar og terrasse til fordel på same plan. Her verkar arkitekturen å vere utvikla ut frå kva han skal setje i rørsle. Rampe og trappeløp ber innbydande ned mot dei originale tredørene, under ein ny baldakin-balkong. Med dei originale lindetrea på plass utanfor, blir denne nedsenka forplassen skjerma mot trafikken ikring – som ein tydeleg gest til publikum og lik det originale: eit hovudmotiv på fasaden.

Aksen by - hav

Foajeen vert lys og generøs, no som fasadeglasa er førte ned mot golvet. Sitjeplassar i nisjane langs fasaden er òg eit fint grep for bylivet. Dei originale betongsøylene er synleg forsterka med karbonband slik at dei kan tole vekta av kontorbygget over. Det set sitt preg på rommet. No er det her ein kan oppleve breidda av bygget, dei 40-noko metrane frå Håkonsgaten til Komediebakken. Det blir, slik det var i bassengbygget, ein sterk kvalitet.

Frå inngangsdøra går ei strak line til terrassen på andre sida. Langs aksen mellom by og fjord ligg scenane, og dessutan bakscenen, som i utgangspunktet er mogleg å gjere til ein offentleg passasje. Det er likevel eit spørsmål om kor tilgjengeleg aksen vil vere, særleg under arrangement med publikum til stades.

Terrassen liknar si originale form, no med to trappeløp opp frå gata som lagar eit avsondra byrom som vert opna ved behov. Det nye løfteplanet som sørgjer for varelevering inn i bygget, gjer diverre at fortauet langs Baneveien vert stengt av.

Ikkje vatn, men scenekunst

På kvar si side av midtgangen ligg inngangane til dei to sceneromma med kapasitet på 300 og 150 sittande menneske i skyvbare amfi. Teknikken er plukka frå øvste hylle, med løysingar eg ikkje har sett maken til. Det er i den nordlege scenen ein får sjå att den veldige glasfasaden - sjølve biletet på Sentralbadet. Veggen vart fyrst riven, for så å verte bygd opp att i ein langt høgare versjon. Den minste scenen fungerer som ein blackbox, med eit trappeløp i sjiktet bak glasfasaden.

Dette er eit av tilfella der ein har behalde originale kvalitetar, men det verkar noko påtvinga den nye bruken. Metervis med glas inn i ein sal for scenekunst vert ein noko overflatisk arkitektonisk effekt, i alle fall for publikum. For kva kunstnar ønskjer å farge sitt stykke med eit så erketypisk bakteppe som Noregs eldste trehusrekkje? Eg ser for meg at glaset helst vil stå tildekt, og blir ein mørk vegg mot eit avstengt fortau, vis-à-vis Ekserserhustomta som i eit kvart hundreår har stått tom i vent på kommunal vilje.

Opp og ned i etasjane

Innvendig framstår organiseringa logisk, noko som lovar godt for publikumsflyten. Dei romlege samanhengane vert knytte saman av ein gjennomgåande oransjefarge og strategisk dagslys – frå eit overlys i kjernen og opninga mot Nøstebukten frå øvre foaje. Dei øvre etasjane rommar arbeidslokala til kulturaktørane, saman med garderobar, sauna, møterom og studio. Ut mot Håkonsgaten har fasaden fått runde vindauge. Sjølv om arkitektane viser til dei originale ventilasjonshola frå badet, gjev dette grepet fasaden eit heilt nytt element med uunngåelege maritime assosiasjonar.

Restane av det gamle Sentralbadet ligg strøydde rundt i dei nye interiøra: dusjhovud har vorte til lampar, medan bassenggolv og badstupanel er gjenbrukte som overflater. Grepet har ein openberr estetisk verdi, men eg sit att med inntrykket av eit noko pragmatisk materiallån, der Sentralbadet blir redusert til historieforteljing meir enn å fungere som ein berande del av arkitekturen

Det nye sentralbadet

Utan å trekkje i tvil kva 18 år som huslause har gjort med BIT, har det vore ei beriking for Bergen at dei har tredd inn i så mange tomme lokale, tilgjengeleggjort og vist fram byen. Nytt bygg fordrer ny bruk og måtte denne sentraliseringa av scenekunsten ikkje føre til einsretting; men heller beriking, òg for dei mindre aktørane.

Mellom vern og ny nytte krevst det kompromiss og tilpassing, med mål om kontinuitet. Som bygg tvilar eg ikkje det grann på at dette blir funksjonelt, operativt og eit fantastisk scenekunsthus. Det er trass alt minst like viktig for berekrafta at bygget blir velfungerande og relevant for notida, som at det bevarer det som har vore.

Spørsmålet er om ein har bevart nok. Når ein vitnar kva som har skjedd med Sentralbadet, er det uforståeleg at utgangspunktet var det motsette. Til trass for status som viktig kulturminne og ambisjonar om bevaring, er store delar av den originale bygningsmassen riven. Så vert det heile noko latterleg når ein legg til fire kontoretasjar på toppen av bestillinga.

Fordelane med gjenbruk er openberre. Og det finst knapt vakrare bygg enn dei som meistrar balansen mellom nytt og gammalt, der stemninga ligg i dei historiske spora. Det finst derimot få vellukka prosjekt der ein riv historiske bygg for å reisa ein større kopi; då forsvinn heile autentisiteten. No som bygget er blitt offer for en heil del klipping og liming, minnest eg Henrik Ibsen si tidlause formaning: Det som du er, vær fullt og helt, og ikke stykkevis og delt. 

 

Sluttnote
1 https://www.arkitektur.no/aktuelt/arkitektur/stappfull-slipp-fest-paa-bodega-i-bergen/

Plantegning av første etasje

Plantegning første etasje.

Illustrasjon: HLM arkitektur / Haworth Tompkins
Snittegning

Snitt.

Illustrasjon: HLM arkitektur / Haworth Tompkins