Gode utformingsløysingar som er sterkt heimehøyrande i landskapet de inngår i, gjer aktivitetsparken på Voss til eit svært godt førebilete.
I fjellbygda Vosser det bygd aktivitetspark i flaumutsatt strandsone. Parken vart opna i 2022, og legg til rette for rullande aktivitet og leik, samstundes som den opnar for tilgjenge til Vangsvatnet. Anlegget fekk landskapsarkitekturprisen i 2023.
Å teikne og bygge i store landskap er ei krevjande oppgåve. Anslaget bør setjast med den tjukkaste blyanten på teiknebordet. Tankane bør vere store og verkemidla enkle og tydelege. Landskapsrommet rundt Vangsvatnet er stort. Veggane rundt den opne vassflata er mektige fjellryggar, og når ein vandrar i strandsona rundt vatnet kjenner ein seg liten i det vakre naturrommet.
På Voss er landskap og aktivitet sterkt knytt saman. Fallskjermane fargar himmelen over Vangsvatnet, og gondolen fraktar folk med ski, syklar, tursko og finsko direkte frå Vossevangen til fjells. Å bygge aktivitetsanlegg skapar dermed forventningar. Sentrumsområdet som er hovudsetet for Ekstremsportveko gir assosiasjonar til rom for fart, rørsle og komfortsoner som vert utfordra.
Kreftene i naturen her er også ekstreme. Elva Vosso er av dei mest vassrike på Vestlandet, og siste år har fleire flaumar medført store øydeleggingar i området. Et par steinkast unna elveosen ligg aktivitetsparken. Føresetnader for anlegget er krevjande, og parkutforminga må ivareta både sterke krefter i naturen og fleksibel bruk frå ulike brukargrupper.
- Østengen & Bergo AS landskapsarkitekter MNLA
- Voss herad
- 5000 kvm.
- 17000000 NOK eks. mva
- 2022
- Kari Bergo, landskapsark. MNLA (ansvarlig landskapsarkitekt)
- Christoph Köpers
- Aurora Rønning Johansen, landskapsark. MNLA
- Betongpark, Tunge ting, Bystøl AS
- ca. 17 mill. NOK eks. mva (2022)
- Kari Bergo
- Gunnar Bergo
- Kenneth Kleppe/UAS Voss
- Rune Skjoldal/Tunge ting
- Charlotte Hvidevold Hystad og Anna Wathne, landskapsarkitekter MNLA, Asplan Viak
Rullepark og badebrygge
Aktivitetsparken består av ein sentralt plassert rullepark, og denne får fylle breidda til det grøne parkbeltet som utgjer strandsona til Vangsvatnet i dette området. Rulleparken i betong har ei langstrakt hovudform, knekt opp i ulike vinklar og med inndeling i mindre soner. Inn mot eksisterande treallé er siste del av anlegget framleis under bygging, og her skal banar for sandvolleyball ligge på rekke og rad. Ein mellomliggjande parkveg koplar anlegget både til gangvegnettet langs strandsona i nord og til gate- og bygningsstrukturen i aust. Lengst sør i parken trappar eit terrengamfi seg ned mot badebrygge og strand. Her møter parken vassflata til Vangsvatnet, og gjer vatn og strandsone tilgjengeleg for opphald og bading.
Anlegget dannar overgang mellom den parkmessig opparbeida strandsona i nord, med grasbakkar og kraftige natursteinsmurar mot Vangsvatnet, og den mjuke og naturlege strandsona til Prestegardsmoen i sør.
Den tjukke streken
Parken er gitt form og struktur som sit godt i landskapet det ligg i. Anlegget opnar seg opp i ei vifteform mot vatn og kveldssol i vest, samstundes som koplinga til gate- og bygningsstrukturen i aust er ivaretatt. Avtrappinga til terrengamfiet og nedrampinga til badebrygga vert opplevd som ein romsleg gest, der alle, uansett funksjonsevne, vert invitert til nærkontakt med Vangsvatnet. Hovudgrepet er enkelt, og den tjukke streken til landskapsarkitektane kan for eit trent auge anast i hovudstrukturen til de bygde anlegget.
Terreng og element i parken er i stor grad halde i same høgde som terrengflata til strandsona. Dette bidrar til at det er Vangsvatnet og omkransande fjell som får spele hovudrolla i den romlege opplevinga, sjølv om anlegget som heilskap er både skulpturelt og formsterkt. Rulleparken består av ein såkalla «Street plaza» og ein «bowl», og desse er med eit vellykka grep lagt i høgde med, eller lågare i terreng, enn parkflata rundt. Dette bidrar til at vassflata til Vangsvatnet får vere midtpunktet i landskapsrommet, sjølv om den lyse betongflata vert opplevd som eit blikkfang og ein aktivitetsmagnet. Aktivitetsparken framstår ikkje som eit monument i strandsona til Vangsvatnet, men trer inn og høyrer heime i landskapsrommet det inngår i.
Fleksibel bruk
Det er som nemnt forventningar til aktivitet, fart og moro i livet på Voss, i alle fall i «fordommane» til oss utanbygds frå. På heimesida til Visit Voss kan me lese at «om me kjedar oss på Voss, gjer me noko feil». Bygda husar store arrangement, og Vossevangen tar i mot tusenvis av besøkjande kvart år. Nødvendigheiten av gode, tilgjengelege møteplassar for nærmiljøet er samstundes like fullt grunnleggande. Parken har ei sentral plassering, tett på skule- og idrettsanlegg. Bruken av området set krav til ein stor grad av fleksibilitet i anlegget, med omsyn til brukargrupper, bruksintensitet og skala.
Utformingsløysingane i parken balanserer fint mellom rom for både aktiv og passiv deltaking. Parken byr på ulike sitte- og opphaldsplassar, i tillegg til dei meir funksjonsretta delane for sandvolleyball og rulleaktivitet. Parken har gode løysingar som verkar å skape likevekt mellom område å sitte, henge og vere en observerande del av parken – og soner for aktivitet og leik. Treplantingar på nord- og vestsida av rulleparken bidrar til å dra ned skalaen i det store landskapsrommet parken er ein del av, og gir ryggdekning til opphaldssonene. Elementa i parken, anten det er skulptur, vassøyler eller rullepark, talar til den estetiske opplevinga, og er gode å kvile auga på.
Då artikkelforfattarane var på vitjing i parken, møtte me både det eldre ekteparet på ein av benkane ved skulpturen og barnefamiliane i utfolding i rulleparken. Soneinndelingar, skalaforståing og formsterke løysingar er verkemiddel som bidrar til å gi attraktivitet til anlegget for ulike brukargrupper.
15 Furutre og graskledde flater
Føringane for ein aktivitetspark i dette landskapet er samansette. Krava spenner frå å vere robust nok til å tole dei enorme vassmengdene som kjem i flaumperiodar, å vere romsleg nok til å handtere dei store arrangementa og å samstundes vere ein god stad å vere for alle, uansett funksjonsevne, kvar dag, året gjennom.
Den enkle materialpaletten er bidrag til eit vellykka svar på det som må ha vore ein krevjande kravspesifikasjon. Anlegget består i hovudsak av 15 furutrær, flater med grasplen, dekker i betong og kantar og murar i naturstein. Arbeidet med dette, lagt ned av dei utførande, er særs godt.
Utformingsdetaljar og material- og vegetasjonsval er grunnleggande for gode, funksjonelle anlegg for alle. Soneinndelingane i parken er løfta fram som eit vellukka grep. Om ein skal trekke fram eit potensiale, er merksemd for å sikre god løysingar for alle, også brukargrupper med synsnedsettingar, ein ettertanke. I saumlause soner, som i vestre del av betongflata, grensar opphald, rulleaktivitet og gangsoner mot kvarandre. Om ein skal stille spørsmål til noko, så er det om tydeleggjering av ulike soner ville ha auka lesbarheten i anlegget for fleire.
Eit monument som høyrer heime
Naturkrefter vil, i åra som kjem, i aukande grad verke på dei bygde anlegga våre. Kunnskap og forståing for landskap og natur vil vere viktig for å finne gode formsvar til utfordringar med vatn og klima. Samstundes vil utfordringar knytt til folkehelse, til sosiale møteplassar og til offentlege rom som alle kan ta del i, vere viktig for gode lokalsamfunn og nabolag.
Å balansere desse utfordringane er eit kunststykke, og i dette er aktivitetsparken på Voss eit svært godt førebilete. Parken er ein god stad å vere, som inviterer til opphald, leik og aktivitet. Formsterke utformingsløysingar gjer det til eit anlegg som er sterkt heimehøyande i landskapet det inngår i, utan å visa seg fram og utan å konkurrera med det storslegne landskapsrommet det ligg i.