Trekantblokka Oslo

Arkitekter

  • MAD Arkitekter

Fasade på trekantblokka i naturbetong mot blå himmel. Foto.

St. Olavs plass 5 er ein fest for betongfansen, men fortener også ein sjanse av dei som strever med brutalisme på sitt mest ekstreme.

St. Olavs plass i Oslo er ein utprega urban destinasjon. Hit kjem folk for å få service, mat og drikke, til dømes på Fuglen. Der kan du nippe til kvalitetskaffi medan bilane durar forbi på Ring 1 og praten går laust om vintage, vinyl og konseptkunst. Eller du kan slentre innom Trekanten, den nye baren, kafeen og kulturscena i St. Olavs gate 5. Vi er midt i Oslo, omkransa av høge hus, høgt lydnivå og høgt aktivitetsnivå. Likar du ikkje St. Olavs plass, er du mest sannsynleg ingen urban type.

Arkitekt
  • MAD Arkitekter
Oppdragsgiver
  • Entra ASA
Ferdigstilt
  • 2022
Arkitekt medarbeidere
  • Ewelina Wylaź, arkitekt; Kimberly Wolf, arkitekt MNAL; Matthew Fentem, arkitekt; Karen Selmer, arkitekt MNAL; Torkel Njå, arkitekt MNAL; Atdhe Illyrian Belegu, arkitekt; Tea Hranj, arkitekt; Siri Jæger Brudvik, arkitekt MNAL; Patriq Backlund, arkitekt; Martin Wesley-Holand, arkitekt; Kyrre Sundal, arkitekt MNAL; Ole Grødem
Interiørarkitekt medarbeidere
  • KrohnArk Interiørarkitekter: Gina Marie Nilsen, arkitekt MNAL; Nichlas Hvesser, interiørark.; Cathrine Stokke, interiørark.; Heidi Krohn, interiørark. MNIL; Margrethe Hvesser, interiørark. Radius interiørarkitekter: Francis Narud, interiørark.; Daniel Ness Turco, interiørark.; Ingvild Melbye, interiørark. Cadi Interiørarkitekter: Trine Vibeke Roald, interiørark.
Landskapsarkitekt medarbeidere
  • Landskaperiet Landskapsarkitekter: Marianne Thomassen, landskapsark. MNLA; Anna Goraj, landskapsark.
Konsulenter
  • Metier OEC AS, Skanska (RIB/RIBfy/BIM).
  • Schneider/AA Electro installasjon (RIE)
  • Rambøll (RIAku), Sweco/Comfort VVS (RIVrør)
  • Egenius/Energima prosjekt (RIVvent)
  • Fokus Rådgivning (RIBr)
Adresse
St. Olavs gate 5, Oslo
Beregnet energiforbruk
  • Levert netto energi (energimerke), samlet for bygningsmassen uten kjellerarealer: 106,8 kWh/kvm/år
Gjennomsnittlig u-verdi
  • 0,47 W/kvmK
Energikilder
  • Fjernvarme og strøm
Ventilasjon
  • Balansert ventilasjonsanlegg
Materialbruk
  • Materialliste iht Breeam
Entrepriseform
  • Totalentreprise
Miljøklassifisering
  • Breeam Very good
Medvirkende kunstnere
  • Fredrik Værslev
Andre samarbeidspartnere
  • Flott Gjort
Foto
  • Kyrre Sundal

Visse typar byarkitektur er heller ikkje for alle. På St. Olavs plass ligg to bygningar av ein type som gjerne splittar opinionen. I  Universitetsgata 2 har det gamle hovudkvarteret til Televerket blitt bygd om til IT-konseptet Rebel. Innsida er totalt transformert. Den gamle bilparkeringa har blitt fjerna, i tråd med vår tids ideal om berekraftige byar. Det einaste sporet av bilismen er ein DeLorean av same type som i Back to the Future-trilogien. Den står der, nøye kuratert, som eit ironisk memento over bilen som framtidsretta transportmiddel. Men sjølv om innsida av Universitetsgata 2 er heilt endra, er det utvendige arkitektoniske uttrykket frå 1960- og 70-talet stort sett intakt. Arva frå etterkrigstida vil altså klinge med langt inn i framtida.

Dette blir forsterka av “Rebel part II” på St. Olavs plass 5, betongpalasset som ligg vis-à-vis Universitetsgata 2. Bygningen sto opprinneleg ferdig i 1969, som hovudkvarter for Oslo helseråd. Arkitekt var Erling Viksjø, som gjekk endå meir kompromisslaust til verks enn dei som teikna nabobygningen i same tidsperiode. I samarbeid med Inge Dahl skapte Viksjø eit bygg som dekker heile spennet i omgrepet brutalisme. Det er brutalt, i folkeleg forstand, og har grov finish, einsfarga preg og stor skala – typiske trekk i betongarkitekturen på 60-talet. Jernbetongen, som det heiter i byggesaka, var overalt: Innvendige bereveggar, trapperom, ribbedekke, takkonstruksjon, garasjar, balkongar og terrassar. Som om det ikkje var nok betong i sjølve bygget, blei det attpåtil plassert ein betongskulptur (“Tetraeder” av Ramon Isern) på utsida.

I begge tilfella har Mad arkitekter vore arkitektar og Entra oppdragsgjevar. Å setje i stand desse bygningane har kosta fleirfaldige millionar. Same selskap har også brukt store pengebeløp på nybygg så vel som oppgraderingar av andre eksisterande bygg i nærområdet. At eit av Noregs største eigedomsselskap satsar tungt på gjenbruk er ei svært interessant vending. Endå meir interessant blir det når eit av dei aller mest ambisiøse prosjekta er eit Viksjø-bygg fullpakka med betong. For mange er nok dette kontroversielt, ikkje minst sidan St. Olavs plass 5 er eit modernistisk bygg som i si tid erstatta eit nyklassisistisk bygg. Slike endringar har hatt ein sentral plass i den retorikken som har gitt Arkitekturopprøret slagkraft i debatten om norsk arkitektur.

Interiør, inngangsparti, svarte karmer, tak og vegger i naturbetong, detaljer i treverk. Foto.

Svart metall og lyst tre er nye innslag i inngangen til kontordelen av bygget.

Foto: Kyrre Sundal

Nytt på gammal grunn

Nøyaktig 100 år før Viksjø-bygget blei Gjertsens skole oppført på same tomt etter teikningar av Wilhelm von Hanno. Bygningen var privatskule til 1899, dernest krigsskule og sjømannsskule, før Kristiania kommunes Sundhedskommisjon overtok i 1917. Denne institusjonen skifta namn til Oslo helseråd i 1924 og det var dei som engasjerte Viksjø til å lage nytt hovudkvarter i 1956. Viksjø begynte å teikne i 1964. Gjertsens skole, som hadde omfattande skadar frå ein sabotasjeaksjon i april 1943, blei riven i 1965 for å gi plass til nybygget.

Då Viksjø gjekk til verks var det ikkje snakk om å forholde seg til bygningen som hadde vore der før. Sjølv om brutalismen etter kvart skulle vende seg meir mot historia – Barbican Centre og Imperial Hotel i London er to treffande døme – var det få arkitektar som tenkte slik midt på 1960-talet. Det klassiske var ut, det modernistiske skulle få boltre seg. Dermed blei det til at ein rasterfasade i naturbetong – sjølve signaturtrekket til Viksjø – erstatta ein murfasade med nyromansk preg.

Medan von Hanno hadde inngang og frontfasade ut mot plassen, la Viksjø den nye bygningen som ein spiss mot St. Olavs plass for å utnytte den trekanta tomta mest muleg rasjonelt. Den eine løysinga er ikkje udiskutabelt betre enn den andre, men dei gir temmeleg forskjellige utslag i byrommet. Fotavtrykket til Gjertsens skole var som ein C, definert av det historiske gatenettet, med rikeleg plass til ein bakgard. Der kunne elevane lufte seg i trygge omgjevnader. Det kunne jo også vore fint for helsebyråkratane Viksjø teikna for, men dette var før fenomen som mosjon i arbeidstida kom på radaren. Få ting er så gode indikatorar på at tidene endrar seg som institusjonsarkitekturen.

Trekantforma var rasjonell med tanke på tomteutnytting, men upraktisk med tanke på indre funksjonar. Cellekontora var små og krokete, gangane smale og labyrintiske. Ei form med tre kantar er tilsynelatande veldig logisk, men i praksis kan det vere veldig forvirrande, som eit kretsløp utan start og slutt. I og med at dei originale etasjane også var temmeleg like, må det ha vore ganske vanskeleg å orientere seg. I Noreg likar vi musikk som går i 4/4-delstakt og bygningar med parallelle korridorar. Vi er ukomfortable med skeive taktartar og trekanta kontorlandskap. Det kan fungere, som eg straks kjem tilbake til, men då må det vere meisterleg gjennomført.

Logistikken blei endå meir innfløkt då juridisk fakultet tok over St. Olavs plass i 1994. Det var starten på ein serie med innvendige omkalfatringar. I god norsk tradisjon blei interiøret teppebomba med mellombelse løysingar som ekstra himlingar, skiljeveggar og golvbelegg av den billige typen. Det blei mørkare, trongare og endå vanskelegare å finne fram i bygget enn tidlegare. Det var denne versjonen av bygget Mad arkitekter fekk i hendene. Å fikse den triangelforma floken var ei formidabel oppgåve, ikkje minst fordi det også var prekære behov for teknisk rehabilitering.

Interiør, restaurantdisk, søyle i betong, lys i taket. Foto.

Bardisken i Trekanten, der gammal betong er eksponert og ny betongdekor innplassert. Interiørarkitektur utført av Radius Design.

Foto: Kyrre Sundal

Nytt liv i gammal struktur

Mad arkitekter løyste utfordringa gjennom to hovudgrep. Det eine var å fjerne mykje som hadde vore der, både opprinnelege innslag og seinare tillegg. Dermed fekk dei ei sentral kjerne å jobbe ut frå. Ved å grave seg ned i materien kunne dei utforske strukturen og konstatere at mykje av berekonstruksjonen var i god stand. Dei kunne også framheve grunnelement som anten aldri hadde vore synlege eller hente fram originale takflater, veggar og golv som med tida hadde blitt fordekt. Dette gjer at vi no kan sjå meir av Viksjø-estetikken enn på mange tiår.

Det andre grepet var å tilføre nye element. Den gjennomgåande bruken av svart på inngangsparti, heiser og andre infrastrukturelle ledd gir heilskap til eit bygg som mangla nettopp det i tida som juridisk fakultet. Det er nye brannskilje i kvar etasje som står godt i stil med dei mange originale rekkverka i trappeløpa. Ventilasjon og straum er ført gjennom opne strukturar i kontortaka, med eit lett dekke av metall under. Det tekniske er synleg, men ikkje dominerande. Samstundes kjennes det luftigare ut enn før, då alt låg under himling. Det har også blitt innført ein trekantlogo, med inspirasjon frå planløysinga til Viksjø, som går igjen på dørar, vindauge og møteromsveggar med meir. Dette er eit døme på “hypotetisk korrekt” arkitekturvern. Trekantlogoen har aldri vore der historisk, men kunne fint ha vore det.

Miksen av nytt og gammalt er veldig konsistent gjennomført. Det originale er teke på alvor og det nye er for det aller meste godt tilpassa. Under mine besøk i bygget fekk eg kjensla av å vere i ein tidskapsel og i notida – samtidig. Den seine 60-talsestetikken er stadig markant, men 2020-talet er også tungt representert. Måten trekantforma har blitt omdefinert på ber vitne om dette. I staden for å følgje denne slavisk, som Viksjø, har Mad arkitekter opna opp og gjort layouten meir luftig. Oppover i etasjane, der kontora er omgjort frå celler til landskap, er det siktlinjer som ikkje var der før. Arbeidsplassane er prega av gode lysforhold, fin utsikt og høg trivselsfaktor, i alle fall for dei som likar vår tids kontorideal. Ein kan seie mykje om opne landskap, men i St.Olavs gate 5 verkar det å vere balanse mellom det opne og det tilbaketrekte. Eg fekk lyst å jobbe der sjølv, og eg er vanlegvis ingen tilhengar av nymotens kontorkonsept.

Bygningen har også blitt meir multifunksjonell og fleksibel, både som kontor- og servicebygg, enn den nokon gong har vore før. Der Viksjø hadde tobakksbutikk, (det er jo ganske artig at det var null problem å kombinere tobakk og helsebyråkrati på 60-talet), finn du i dag inngangen til kafeen, baren og kulturscena, den mest publikumsretta delen av bygget.

Fasade i betong og glass mot vei. Foto.

St. Olav Gate 5 sett frå Ring 1.

Foto: Kyrre Sundal

Meir betong

Ein interessant konsekvens av vernestrategien til Mad arkitekter er at det no er meir eksponert betong enn før. Det er ganske radikalt med tanke på at dette i utgangspunktet var ein av dei mest hardbarka betongbygningane i Oslo. Viksjø fekk god bistand i så måte av broren Helge Viksjø, som var rådgjevande ingeniør. Om han var like betongfrelst som sin meir berømte arkitektbror er uvisst, men saman skapte dei eit bygg der kjærleiken til betongen formeleg veltar mot deg, både på avstand og nært hald.

Men mykje av det som i dag er synleg – nakne veggar i kafeen, bare takflater i kontorlandskapa med meir – var tidlegare innebygd. Viksjø var oppteken av å dekke over alt teknisk, leidningar, kablar, ventilasjon, radiatorar og så vidare. Dessutan likte han best betong som var sandblåst eller på andre måtar overflatebehandla. Betong i rå form, sjølve essensen i brutalistisk arkitektur, var han ingen hovudeksponent for i norsk arkitektur. At Mad arkitekter har vald å gjere bygningen meir brutalistisk vil kanskje verke provoserande for dei som ikkje er så glade i den grå materien. For betongfansen, derimot, berre aukar den kulturhistoriske og estetiske verdien.

Samstundes er det også mykje meir enn betong på innsida. Det er golv av terrasso, bardiskar av tre, gardiner og andre tekstilar. Synlege skadar i betongen innvendig har blitt overdekka, ofte med eikepanel, som mjuknar opp.Vekslinga mellom betong og andre materiale er særleg verknadsfull i baren og kulturscena, der nye innslag verkar veldig gjennomtenkt, både med tanke på visuelle effektar, støydemping under konserter og andre arrangement, samt balanseforholdet mellom lyse område og mørke krokar. Her kan ein myse ut på sola eller sitje heilt uforstyrra og samle tankane i ein hektisk kvardag.

«Eit anna viktig aspekt ved St. Olavs plass 5 er at den fungerer overraskande godt i konteksten.»
Even Smith Wergeland

Hybridbyen Oslo

Eit anna viktig aspekt ved St. Olavs plass 5 er at den fungerer overraskande godt i konteksten. Medan det ofte blir hevda at betongarkitektur frå etterkrigstidstida øydelegg eksisterande byrom – jamfør debatten om Y-blokka og Arne Garborgs plass – er det vanskeleg å hevde det her. Men det er merkeleg at bygningen ikkje bryt meir med miljøet rundt. Den liknar ikkje dei andre bygningane og det var lite fokus på tilpassing i den opprinnelege byggesaka, kor det finst det eit imponerande  pekter av teikningar av sjølve bygget, men ingen av bymiljøet. Det blir tørt konstatert at “På tomten er mot de nevnte gater en eldre bebyggelse”, men kva slags alder, karakter og verdi denne måtte ha er heilt i det blå. Ei så knapp skildring av nærmiljøet hadde ein arkitekt aldri kome unna med i dag. Byggesaka til Mad arkitekter er den rake motsetnaden, stappfull som den er av omsyn til nærområdet. Arkivet avslører at det er snakk om to vidt forskjellige tidspunkt i plan- og byggesakshistoria.

Til trass for Viksjø si fråverande kontekstuelle merksemd er St. Olavs plass 5 godt integrert, inkludert den ekstra etasjen som Mad arkitekter har lagt til på toppen. Kvifor? Det kokar ned til skala, proporsjonar og plassering. På St. Olavs plass ligg dei største og høgaste bygningane lågast i terrenget. Dette gjer at den visuelle tyngda blir utjamna av dei lettare bygningane. Når ein skal byggje høgt har plasseringa utruleg mykje å seie for effekten i bymiljøet, uansett arkitektonisk utforming. At Mad arkitekter har senka terrenget ved inngangen til kontordelen har dessutan forsterka relasjonen mellom plassen og bygningen.

Tålegrense i byen handlar også om tilgang på rom. På St. Olavs plass er det opne arealet stort nok til å takle dei svære bygningane rundt. Derfor kjennes det ikkje som ein inneklemt stad, snarare tvert om – det er balanse mellom rommet og rammeverket. Det er under slike forhold at Oslo er på sitt beste som by: ein hybrid av ulike typar arkitektur frå forskjellige tidspunkt i historia. På St. Olavs plass møter andre del av 1800-talet første og midtre del av 1900-talet. Dermed oppstår ein uventa synergi mellom tidsepokar og stilartar. Denne synergien har på mange måtar blitt forsterka av at både St. Olavs gate 5 og Universitetsgata 2 har blitt fornya utan å miste sitt historiske særpreg. Mad arkitekter har klart å synkronisere før og no på elegant vis.

Interiør, relieff i naturbetong, dør i treverk. Foto.

Rehabilitert betongrelieff med ny lyskjelde, veldig i tråd med arva etter Viksjø.

Foto: Kyrre Sundal

Framtidsretta

Det er nok likevel enkelte som aldri vil leggje sin elsk på St. Olavs plass 5. For dei som verkeleg ikkje kan fordra betongestetikk, hjelper det jo ikkje at det har blitt meir av det. Frå eit slikt perspektiv vil St. Olavs plass 5 fortsatt vere historia om eit “trist” bygg frå etterkrigstida som erstatta eit “nydeleg” bygg frå 1800-talet.

Men i tillegg til dei estetiske preferansane kjem omsynet til klima, energi og gjenbruk. Ut frå slike faktorar vil eg påstå at prosjektet uansett fortener respekt, fordi det går så langt i den retninga som alle snakkar om for tida, men som relativt få følgjer opp i praksis – ekstremt påkosta gjenbruk. Entra bidrar med å trø opp løypa og inspirere andre til å satse på eksisterande bygningar. I dette tilfellet har arkitektane så til dei grader gått inn i detaljane, prøvd å forstå bygget, røska det frå kvarandre og pusla det saman igjen, på eit nivå eg sjeldan har sett maken til innan betongbyggeri. Dei andre prosjekta eg kjem på i same klasse er Hotell 33 på Økern og Bergen rådhus, også dette Viksjø-bygg som nyleg har blitt gjenstand for omfattande renovasjonar.

Alt tydar på at samfunnet må bruke fleire bygningar om igjen, også dei kontroversielle, dersom gjeldande klimamål skal oppfyllast. I så fall treng vi fleire signalprosjekt som St. Olavs gate 5, som har blitt omdanna utan å miste sitt opprinnelege uttrykk og sin opprinnelege funksjon. Gjennom veltilpassa endringar har modernismen til Viksjø blitt moderne igjen, både som arbeidsplass og møteplass for dei som lever i tida og forventar effektivitet. Og sjølv for dei som helst vil leve i fortida burde det vere muleg å gi konseptet ein sjanse.

Aksonometrisk teknisk tegning av Trekantblokka i St.Olavs gate.

Aksonometrisk diagram

Foto: Mad arkitekter
Gateplan av Trekantblokka i St.Olavs gate 5. Teknisk tegning.

Gateplan

Foto: Mad arkitekter